Ansvarsrett sjølv? – "Sjølbyggaren"

Det kan søkast om ansvarsrett for sjølvbyggar for bygg eller delar av bygg av liten vanskegrad; til dømes som for einebustad, fritidsbygg, garasje, uthus og liknande som er til eige bruk.
(2-mannsbustad fell utanfor).

Dette gjeld funksjonane
søkjar (SØK), prosjekterande (PRO) og  utføring (UTF) i tiltaksklasse 1.

Ofte vil kommunane krevje at eit firma utfører bygningskontrollen
(KPR, KUT) når det vert gjeve personleg ansvarsrett innanfor områdene SØK, PRO og UTF.
 

Kva må sendast til kommunen for å få ansvarsrett sjølv?
  1. Søknad om ansvarsrett (eige søknadsblankett).
  2. Dokumentasjon som viser at du er kvalifisert til å få ansvarsrett, til dømes:
    - Referansar med oversikt over tidligare relevant erfaring, utdanning og kurs.
    - Dokumentasjon av kvalifikasjonar til eventuell medhjelpar
      med signatur frå vedkommande om at denne skal bistå i dette tiltaket.
  3. Tilvising til kva godkjente løysingar som skal verte brukt i arbeidet, til dømes:
    - Liste på TEK-tilvisingar, NBI byggdetaljar, produktskriv ol.

     
  4. Sjølvbyggarrolla har ikkje krav til styringssystem (SAK§10)
  5. Det skal ikkje sendast inn gjennomføringsplan (SAK§5-3).I tiltak der ein sjølvbyggar (SAK§6-8) tar heile ansvaret for tiltaket.
  6. I tiltak der ansvaret delast mellom sjølvbyggar og profesjonelle, må SØK legge fram gjennomføringsplan for dei profesjonelle føretaka.