|
Ansvarleg kontrollerande for
prosjektering (KPR)
Føretak som er ansvarleg for
at prosjektering av bygge- og anleggstiltak vert kontrollert.
Kontroll vert ført av eit eige uavhengig
føretak.
Ansvarleg kontrollerande for
prosjektering skal:
-
sørgje for at det blir
gjennomført ein fysisk kontroll av teikningar, berekningar og
beskrivingar i samsvar med kontrollplanen og opp mot plan- og
bygningsloven, Teknisk forskrift og kommunale føresegner (vedtekter)
-
avdekke om materialet er
i samsvar med offentlige krav eller ikkje
-
sørgje for at avvik mot
plan- og bygningsloven vert følgd opp og retta i samarbeid med
ansvarlig prosjekterande og ansvarleg søkjar
-
dokumentere all kontroll
og avviksbehandling
-
levere kontrollerklæring
til ansvarleg søkjar som skal sende denne inn til kommunen
-
sørgje for regelmessig
gjennomgang av kontrollsystemet
|