| Ansvar og kontroll
Ansvar
Alt bygge- og anleggsarbeid som er søknadspliktig skal
vere dekt med ansvar.
Å ha ansvarsrett i byggesaker, vil si å ta på seg
ansvaret for at byggearbeid vert prosjektert og/eller utført i
samsvar med
plan- og bygningslova, forskrifter og føresegner
Nokre byggearbeid kan tiltakshavar sjølv ha ansvaret (PBL§20-2 og
PBL§20-3).
Nokre byggearbeid må profesjonelle føretak ha ansvaret (PBL§20-1).
Det er 5 ansvarsfunksjonar:
1. Ansvarleg søkjar (SØK).
2. Ansvarleg prosjekterande (PRO).
3. Ansvarleg kontrollerande for
prosjekteringa (KPR). - (Berre ved uavhengig kontroll).
4. Ansvarleg utførande UTF.
5. Ansvarleg kontrollerande for
utføringa (KUT). - (Berre ved uavhengig kontroll).
I hovudsak er det bare godkjente
firma (føretak) som kan få ansvarsrett.
Skal du bygge ditt eige hus, kan du søke om eigen ansvarsrett.
Les meir om sjølvbyggar her.
Søknad om ansvarsrett er 2 ting:
a) Søknad om ansvarsrett (Eigen blankett).
b) Sentral
godkjenning eller
Søknad om
lokal godkjenning
|
Uavhengig kontroll. (Sak§14-2)
Frå 01.07.12., er det krav om obligatorisk uavhengig kontroll i
følgjande høve:
Tiltaksklasse 1: - Våtrom
- ved nybygging / søknadspliktig ombygging.
- Lufttettheit - ved nye bustader.
Tiltaksklasse 2/3: - Lufttettheit / bygningsfysikk..
- Konstruksjonstryggleik.
- Geoteknikk.
- Branntryggleik.
- Våtrom - berre ved bustader.
OBS. Kommunen kan i tillegg,
etter ei konkret vurdering, sette krav til uavhengig kontroll sor
forhold som ikkje fell inn under Sak§14-2.
Gjennomføring av - uavhengig kontroll.
Kontrollen vert utført ved at føretaket sitt kvalitetssystem vert
kontrollert om det er brukt gjennom inspeksjon av dokument,
sjekklister, rutinar m.v. (Sak§14-6). (Omlag liknande ved tilsyn).
Dersom det skal gjennomførast fagleg kontroll om rett bruk av
løysingar i samsvar med TEK, statiske utrekningar m.v., må dette
vere tydeleg spesifisert i krav frå mynde.
|