Godkjenning av føretak

Kva er godkjenning av føretak?
Føretak er firma som skal verte godkjent før dei vert gjeve ansvarsrett i byggesaker. Godkjenninga vert gjeve når føretaka har dokumentert at dei har den kunnskap som er naudsynt for å gjennomføre byggetiltaket. Det er to former for godkjenning – sentral godkjenning og lokal godkjenning. 
 

Sentral godkjenning
Søknad om sentral godkjenning må verte sendt godkjenningsnemnda i Statens Bygningstekniske Etat (BE). Ved godkjenning gjev BE et godkjenningsbevis.
Godkjenningsbeviset skal verte lagt ved byggjesøknaden når eit føretak søkjer om ansvarsrett i kommunen for eit konkret byggetiltak.
Godkjenningsbeviset er gyldig i alle landets kommunar.
Sentral godkjenning vert gjeve for avgrensa delar av byggeprosessen (for eksempel tømrararbeid, rørleggjararbeid og liknande).

Vert det søkt om ansvarsrett for delar av arbeid som ikkje er dekt av den sentrale godkjenninga, må det i tillegg verte søkt om lokal godkjenning av foretaket for disse områda.

Lokal godkjenning
Firma som ikkje har sentral godkjenning må søke kommunen om lokal godkjenning før dei får ansvarsrett. Slik søknad må verte sendt inn for kvar einaste byggesak. Nokre kommunar har oppretta register som vert brukt ved godkjenninga, slik at handsaminga i kvar sak skal bli enklare og raskare, samtidig som kommunen kan legge tidligare innsendt dokumentasjon til grunn. Dersom det ikkje skjer endringar i føretaket vil slik dokumentasjon være gyldig i 2 år av gangen.
 
Ønskjer du å vite meir om godkjenning av foretak ta kontakt med din kommune eller på internettadressa til Statens Bygningstekniske etat – www.be.no.

Gå til forrige sideTilbake