Søknad om Lokal godkjenning

Firma som ikkje har sentral godkjenning må søke kommunen om lokal godkjenning før dei får ansvarsrett. Slik søknad må verte sendt inn for kvar einaste byggesak. Nokre kommunar har oppretta register som vert brukt ved godkjenninga, slik at handsaminga i kvar sak skal bli enklare og raskare, samtidig som kommunen kan legge tidligare innsendt dokumentasjon til grunn. Dersom det ikkje skjer endringar i føretaket vil slik dokumentasjon være gyldig i 2 år av gangen.

Nedanfor er lista opp dokumentasjon som må sendast kommunen.

  1. Søknad om lokal godkjenning av foretak. Søknadsblankett korrekt utfylt, med vedlegg.
    Søknaden må ha signatur frå dagleg leiar, styret eller person som er gjeve mynde jmf. firmaattesten, godkjenningsområde osv.

  2. Firmaattest frå Brønnøysundregisteret.
    Etatar og andre offentlege organ skal være registrert i "enhetsregisteret".

  3. Dokumentasjon på føretaket sin fagkompetanse for dei faglige leiarane, til dømes:
    - Vitnemål/attestar for utdanning og praksis.
    - Referanseliste over tiltak.

  4. Opplysningar om styringssystem.

Underskreve eigenerklæring borgar for at systemet er operativt.
 

Ønskjer du å vite meir om godkjenning av foretak ta kontakt med din kommune eller på internettadressa til Statens Bygningstekniske etat – www.be.no.

Gå til forrige sideTilbake