Byggeavfall

Miljøverndepartementet har fastsett ei ny forskrift med krav om kjeldesortering av byggavfall og innlevering av avfallsplanar og sluttrapportar i byggjesaker. Forskrifta gjeld frå og med 1. januar 2008.

Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna:

Avfallsplan Avfallsplan + Miljøsaneringsomskriving
Nybygg med
areal > 300 m2 BRA
Riving eller rehabilitering av bygg med
areal > 100 m2 BRA

Ved rehabilitering og riving skal det i tillegg sendast inn miljøsaneringsomskriving med planar for handtering av farlig avfall. For alle tiltak må minst 60 vekstprosent av avfallet kjeldesorterast. Dette skal skje på byggplassen, men kommunane kan i særlige tilfelle fråvike dette kravet.
Du kan lese meir her.

Kva er ein avfallsplan?
"Avfallsplan" er ein plan som sei korleis bygge- og rivingsavfall vert sortert på byggeplassen og kor avfallet vert levert til lovleg mottaksanlegg.

Kven "eig" avfallet?
Tiltakshavar er "eigar" av avfallet og er derfor ansvarleg for å sjå til at avfallsplan vert laga.

Skjema for avfallsplan finn du her.
Skjema for miljøsannering
finn du her.

Når skal avfallsplan sendast til kommunen?
Avfallsplan sendast kommunen samtidig med innsending av melding om tiltak eller søknad om løyve - til anlegg, bygging eller riving. (Sjå eigen informasjon om melding om tiltak og søknad om løyve.)

Når får eg svar?
Byggesakskontoret vil til vanleg gje skriftleg svar på avfallsplan samtidig når det vert gjeve  igangsettingsløyve.

Gebyr?
Det er ikkje knytt eige gebyr til handsaming av avfallsplan. Ved brot på forskrift for styring av bygg- og anleggsavfall, vil det vert gjeve eit ureiningsgebyr pr. tonn avfall.

 

 
Forskrifta § 15-2. Virkeområde
Bestemmelsene i dette kapitlet gjelder følgjande tiltak:
a) oppføring, tilbygging, påbygging og underbygging av bygning dersom tiltaket overskrider 300 m² bruksareal,
b) rehabilitering i form av fasadeendring, vesentlig endring eller vesentlig reparasjon av bygning dersom tiltaket berører del av bygning som overskrider 100 m² bruksareal,
c) riving av bygning eller del av bygning som overskrider 100 m² bruksareal,
d) oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging, rehabilitering eller riving av
konstruksjoner og anlegg dersom tiltaket genererer over 10 tonn bygge- og rivningsavfall.
Ved vurderingen av om areal- eller vektgrensen i første ledd er overskredet, skal tiltak som berører flere bygninger, konstruksjoner eller anlegg vurderes under ett.

Du kan lese meir om forskrifta på Sft.no her.


Lenke til NGIR.