|
|
I visse høve kan det søkjast om dispensasjon frå
krava som er sett i plan,
føresegner eller forskrift. Korleis søkjer eg om dispensasjon?
- Søknad om
dispensasjon kan formast på
eit vanleg papir, og må verte sendt til kommunen.
- Søknad om dispensasjon kan verte sendt separat eller saman med bygge/delingssøknaden.
(Dersom dispensasjonssøknad sendast saman med bygge/delingssøknad
har dette kvart sitt gebyr.
Det vil verte sett fram krav om betaling av begge gebyra - uansett utfall
av saka.)
Mange vel derfor å avklare dispensasjonssaka først - og - sidan,
når det endelege svaret på denne ligg føre - avklare byggesaka.
Vert det gjeve løyve til dispensasjon, kan resten av saka følgje dei
vanlege reglane om handsaming.
- Ein søknad om dispensasjon må verte nabovarsla
(jamfør PBL§19-1).
Nabovarslet
må vedleggast eit kart som viser kor det aktuelle tiltaket er.
- Søknad om dispensasjon skal vere
grunna (jamfør PBL§19-1). Grunnane skal vegast opp mot dei
omsyna som lova skal ivareta (jamfør PBL§19-2, 2.ledd)
Etter pbl § 19.2 må det ligge føre grunngjeving for at
det skal kunne gjevast dispensasjon.
a) Det kan ikkje verte gjeve dispensasjon der omsynet bak regelen
det vert dispensert
frå -, eller – omsyna i lova sine føremål vert
vesentleg satt til side.
b) Det skal vurderast om fordelane ved å gje dispensasjon
vert større enn ulempene
– etter ei samla vurdering.
Det må ligge føre ei klar overvekt av omsyn som
taler for dispensasjon.
c) I PBL2008 §19-2, 3. og 4. ledd er det framheva ulike omsyn som
skal tilleggast særleg
vekt i vurderinga. Det er særleg vist til PBL§1-8
(100m-beltet).
Ein søknad om dispensasjon må slik seie
noko om:
a) Vert omsyna (dei som lov/reglar skal verne) sett vesentleg til
side?
b) Veier fordelane tyngre enn ulempene? Er det ei overvekt som
talar for?
(Fordelane = Ålmenta sine fordelar, ikkje søkjar sine
fordelar).
c) Er dei omsyna som skal ha særleg vekt, vurdert?
|
Følgjande dokument
sendast til kommunen:



|
Handsaming av søknad om dispensasjon.
- Handsaming av søknad om dispensasjon, er gebyrbelagt.
- Det er førebels
ikkje gjeve fristar for kommunen si handsaming av
dispensasjonssøknader.
- Kommunen sin
administrasjon vil sende dispensasjonssøknaden på høyring, før
administrasjonen tek stilling til søknaden.
- Nokre kommunar
har gjeve delegert mynde til administrasjonen til å ta avgjerd i
dispensasjonssaker, mens andre kommunar har delegert mynden til eit
politisk utval, slik at administrasjonen må legge saka fram for dei.
- Klage på
kommunen si avgjerd, skal i nokre høve avgjerast endeleg hos
Fylkesmann.
- Kommunen si
avgjerd skal i nokre høve avgjerast endeleg hos Fylkesmann.
|
Når kan det verte gjeve dispensasjon?
I samsvar med Pbl 2008 §19-1., kan det søkjast om dispensasjon. Ei
søknad skal vere grunna. Følgjande kriteriar må vere tatt vare på:
- Omsyna som
ligg til grunn for regelen det vert søkt om dispensasjon frå, -
eller omsyna i lova sitt føremål, må ikkje verte vesentleg satt til
side.
- Føremona med tiltaket, må etter ei samla
vurdering vere klart større enn ulempa med tiltaket.
|
Kan eg få mellombels dispensasjon?
Mellombels dispensasjon kan verte gjeve tidsavgrensa eller utan
tidsavgrensing. Når tida for dispensasjon går ut må søkjar fjerne eller
endre tiltaket utan kostnader for kommunen.
Dispemsasjonen kan verte gjeve med vilkår av ei skriftleg stadfesting
der eigar (festar) godkjenner slike plikter. Stadfestinga kan verte
krevd tinglyst. den er bindande for panthavar og andre rettshavarar i
eigedomen utan omsyn til når retten er stifta og utan omsyn til om
stadfestinga er tinglyst. |
| |
Reglane
lyder: |
| |
"Overgangsbestemmelse i (ny) § 13.
Dispensasjonsbestemmelsene
i §§ 19-1, 19-2, 19-3 og 19-4 gjelder også for behandlingen av søknader
om dispensasjon fra bestemmelser fastsatt i eller i medhold av
pbl.85. Søknader som er sendt kommunen før
ny plandel trer i kraft skal behandles etter § 7 i pbl.85.
I § 19-1
plandelen, skal det i første punktum i stedet for til § 21-3 vises til §
94 i pbl.85. I annet punktum skal det i
stedet for kapittel 20 vises til § 93 i pbl.85." |
| |
"Dispensasjonsbestemmelsene i ny pbl:
|
§ 19-1. Søknad om dispensasjon.
Dispensasjon krever grunngitt søknad. Før vedtak treffes, skal naboer
varsles på den måten som nevnt i § 21-3. Særskilt varsel er likevel ikke
nødvendig når dispensasjonssøknad fremmes samtidig med søknad om
tillatelse etter kapittel 20, eller når søknaden åpenbart ikke berører
naboens interesser. Regionale og statlige myndigheter hvis saksområde
blir direkte berørt, skal få mulighet til å uttale seg før det gis
dispensasjon fra planer, plankrav og forbudet i § 1-8.
I kraft 1 juli 2009, se § 34-1.
|
§ 19-2. Dispensasjonsvedtaket.
Kommunen kan gi varig eller midlertidig dispensasjon fra
bestemmelser fastsatt i eller i medhold av denne lov. Det kan settes
vilkår for dispensasjonen.
Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det
dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse, blir
vesentlig tilsidesatt. I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være
klart større enn ulempene etter en samlet vurdering. Det kan ikke
dispenseres fra saksbehandlingsregler.
Ved dispensasjon fra loven og forskrifter til loven skal det legges
særlig vekt på dispensasjonens konsekvenser for helse, miljø, sikkerhet
og tilgjengelighet.
Ved vurderingen av om det skal gis dispensasjon fra planer skal statlige
og regionale rammer og mål tillegges særlig vekt. Kommunen bør heller
ikke dispensere fra planer, lovens bestemmelser om planer og forbudet i
§ 1-8 når en direkte berørt statlig eller regional myndighet har uttalt
seg negativt om dispensasjonssøknaden.
Departementet kan i forskrift gi regler for omfanget av dispensasjoner
og fastsette tidsfrist for behandling av dispensasjonssaker.
I kraft 1 juli 2009, se § 34-1.
Endret ved lov 8 mai 2009 nr. 27.
|
§ 19-3. Midlertidig dispensasjon.
Midlertidig dispensasjon kan gis tidsbestemt eller for ubestemt tid.
Ved dispensasjonstidens utløp eller ved pålegg må søkeren uten utgift
for kommunen fjerne eller endre det utførte, eller opphøre med
midlertidig tillatt bruk, eller oppfylle det krav det er gitt utsettelse
med, og hvis det kreves, gjenopprette den tidligere tilstand.
Dispensasjon kan gjøres betinget av
erklæring der også eier eller fester for sin del aksepterer disse
forpliktelser. Erklæringen kan kreves tinglyst. Den er bindende for
panthavere og andre rettighetshavere i eiendommen uten hensyn til når
retten er stiftet og uten hensyn til om erklæringen er tinglyst.
I kraft 1 juli 2009, se § 34-1.
|
§ 19-4. Dispensasjonsmyndigheten.
Myndigheten til å gi dispensasjon tilligger kommunen.
Dersom det er nødvendig for å ivareta nasjonale eller viktige regionale
interesser og hensyn i nærmere angitte deler av strandsonen eller
fjellområder, kan Kongen i forskrift legge myndigheten til å gi
dispensasjon fra bestemte planer, eller for bestemte typer tiltak,
midlertidig til regionalt eller statlig organ." |
| |
| |
| |
| |
|
Når er
det trong for Dispensasjon frå andre mynde?
Bygg kan
kome i strid med anna lovverk enn pbl. I slike tilhøve vil ein ikkje
oppnå byggjeløyve
før tiltaket er avklart etter alle lovverk. Søknad til bygningsmynde vil
bare avklare tiltaket etter pbl.
Nedanfor er det lista opp døme på slike føresegner frå anna lovgjeving
(ikkje uttømmande).
|
Tilhøve |
Min. avstand |
Lovverk |
Mynde |
|
Vegmidte kommunal veg |
15,0 meter |
Veglova |
Kommunen |
|
Vegmidte
fylkesveg, riksveg |
50,0 meter |
Veglova |
Statens Vegvesen Region Vest |
|
Bygg i/nær vassdrag |
Varierande |
Vassdragslova |
NVE / Fylkesmannen |
|
Bygning ut i sjø |
Ikkje aktuelt |
Hamne- og farvasslova |
Bergen og Omland Havnevesen / kommunen |
|
Bygg i naturvernomr. |
Ikkje aktuelt |
Naturvernlova |
Miljøverndept./ kommunen |
|
Bygg i jordbruksomr. |
Ikkje aktuelt |
Jordlova |
Landbruksmynde |
|
Avstand til Kraftleidning |
varierande |
Energilova |
Netteigar (BKK Nett AS) |
Tilhøve
vedk. avstand til veg vil normalt vurderast av bygningsmyndigheitene i
samband med
handsaming av byggjesøknaden, og oversendast aktuelle fagmyndigheiter.
Ved tvil bør du likevel ha gjort naudsynte avklaringar med aktuelle
mynde før innsending
av byggjesøknaden.
Om ei slik avklaring følgjer byggjesaka vil kommunen bruke kortare tid
til å fatte vedtak i saka. |