Estetikk - Byggeskikk - OMGJEVNADENE
Skjønnhetsparagrafen Kravet til byggeskikk/estetikk er omtalt i Pbl 2008 § 29-2. og Rundskriv H-7/97.
MD sin rettleiar for estetikk i plan og byggesaker finn du her.

Tiltaket i forhold til omgjevnadene.
Skjønnhetsparagrafen uttrykker tiltaket - "i seg sjølv" - og - "i forhold til omgjevnadene".
 

Forarbeid.
I innstilling til Odelstinget nr. 37 1994-1995 er det gjeve uttrykk for eit ønske om å bruke lovgivinga meir aktivt for å sikre at estetikk og byggjeskikk vert ivareteken. Det kan ikkje tolkast inn noe krav om kvalifisert avvik for å kunne nytte Pbl1985§74.2. Det avgjerande er om tiltaket er " godt nok til å tillates", jfr. Kommunal- og regionaldepartementet sitt rundskriv H-7/97, punkt 6.2.2, og om " tiltaket har et forhold til omgivelsene på en positiv måte", jfr. Ot. prpr. nr. 45 ( 2007-2008) side 220.
Føremålet med kravet om " respekt for naturgitte og bygde omgivelser" er nettopp å presisere at man ved utbygging skal ta omsyn til omgjevnaden. Det gjeld både naturmiljøet og bygningar, topografi m.v. Det er soleis også anledning til å ta landskapsomsyn i samband med vurderinga av estetisk utforming og tilpassing til omgjevnadene. Det vert i denne samanheng også vist til Rt. 1995 s. 1939 der det vart teke miljøomsyn ved vurderinga av eit tiltak opp mot Pbl1985§70. Det tilsvarande må då gjelde ved bruken av Pbl1985§74.2.


Hovudregelen i rettleiaren i estetikk (T 1179) er:

1. Lat byggetomta sitt terreng og vegetasjon påverka tiltaket si utforming (T 1179 side 79).
    Bygget skal tilpassast tomta - ikkje omvendt. Hus som er meint for flat tomt (til dømes - hus utan
    kjellar), kan ikkje utan vidare nyttast i skrånande terreng. (sjå tips 1A og tips 1B)

2. Tiltaket må føre vidare den etablerte byggestrukturen i området og være godt plassert i forhold til
    omkringliggande bygg. I områder utan sams struktur bør ikkje det nye tiltaket tilføre nok ein
    variant, men prøve å binde saman det som er der eller velje ein av variantane som er der frå før,
    gjerne den som er mest dominerande.

Dokumentasjon på å tilfredsstille krava i lova - om tiltaket i seg sjølv og omgjevnaden, gjerast best ved å sende inn fasadeteikningar der eksisterande og nytt terreng er teikna inn, snitteikning og i profilteikning der nabobygg er vist.
I nokre høve må tiltaket sin fjernverknad verte vurdert. Fjernverknad vært til vanleg dokumentert med perspektivpresentasjon, fotomontasje o.l.
 

 Tips. 1A  Tips. 1B
Stigningar mindre enn 1:5 må reknast som flatt terreng der det td. kan byggast med kjellar. Stigningar større enn 1:5 tilseier at det bør byggast med sokkel.

 


Her er eksempel der terrenget er tilpassa bygget og eksempel på der bygget er tilpassa terrenget

 
Korleis ligg tiltaket i høve til andre bygg.
Tiltaka (bygga) kvar for seg - ok, men saman?......