Informasjon om byggesak

På denne sida finn du mellom anna informasjon om byggesak og korleis du går frem dersom du skal bygge, rive eller bare sette inn eit nytt vindauge.
I menyen til venstre kan du finne utfyllande informasjon om dei forskjellige søknadstypane. Ønskjer du eit rask og enkel opplysing på type behandlingsform, kan du velje i tiltakslista på hovudsida.
 

Send byggesøknaden via Internett
Nå kan du sende inn byggesøknaden din via Internett til nokre kommunar.
Det er ikkje alle kommunar i vår region som enno kan ta imot slike søknader. Spør i din kommune før du legg søknaden inn på ByggSøk.
Vi anbefaler at du bruker ByggSøk til å sende inn byggesøknader og byggemeldingar. Dette tryggjer at søknadane blir meir komplett, noko som igjen fører til at kommunane kan behandle dei raskare. Å bruke ByggSøk er gratis. 

Brukarrettleiing for ByggSøk         Sende søknad

Regelverk
Her finn du ei oversikt over lover og forskrifter som er aktuelle i bygge- og delesaker.
I tillegg finn du lenke til lokale forskrifter, føresegner og byggeskikkrettleiarar. 

Omfattande regeloversikt finn du også på sidene til Bygningsteknisk etat.  

Opningstider for byggesakskontora 
Nokre av byggesakskontora i Nordhordland og Gulen kan ha redusert opningstid for publikum. Dette for å skjerme sakshandsamarane, slik at dei får ro til å handsame sakar raskare.
 

Gå til forrige sideTilbake