| Generell informasjon
om byggesak
OBS. referansane
nedanfor er til utgått lov (01.07.2010).
Revisjon pågår.

- Fritak frå søknad og
meldingsplikt
- Melding om mindre byggearbeid
- Søknad
- Ansvar og kontroll
- Deling av eigedom
1.
Fritak frå søknad og meldingsplikt
Eit tiltak (byggjearbeid) er unntatt
meldings- og søknadsplikt - under føresetnad av at det er mindre,
ikkje fører til fare, ikkje er ei urimelig ulempe for omgjevnadene eller
allmenne interesser. Tiltakshavar skal sjå til at tiltaket er i
samsvar med plan- og bygningslova og føresegner som hører til,
kommune-, regulerings- og bebyggelsesplan samt kommunale vedtekter/føresegner.
Reglar i plan- og bygningsloven og teknisk forskrift skal verte tatt
vare på av tiltakshavar, jfr. SAK§§ 3 og 7. Ta kontakt med din kommune
der du skal bygge - og - naboane dine før du sett i gang slike tiltak.
2. Melding om mindre byggearbeid
"Melding"
er ei form for forenkla søknad som kan verte
brukt når arbeidet er av ein forholdsvis enkel art og ligg
innafor gjeldande føresegner. Ved bruk av "melding" vert
tiltakshavar sjølv ansvarleg for at føresegnene i plan- og
bygningsloven og byggeforskriftene verte følgd.
3. Søknad
Når du skal bygge, rive eller
forandre på terrenget på din eigedom, må du
søke kommunen
om løyve. Byggeregla er omfattande og sett store krav til den som
skal søke. Ein søknad skal verte utforma av eit firma som har kompetanse
til å gjennomføre ein søknadsprosess og dokumentere at det ferdige
prosjektet er i samsvar med plan- og bygningsloven med forskrifter.
4. Ansvar og kontroll
Alt søknadspliktig bygge- og anleggarbeid skal ha
ein eller fleire
ansvarshavande. Ansvarshavande er ansvarleg ovanfor
bygningsmynde for at tiltaket vert utført i samsvar med gjeldande
føresegner. I hovudsak er det bare godkjente firma som vert gjeve
ansvarsrett, men skal du bygge ditt eige hus er det mulig å søke om
ansvarsrett sjølv.
5. Deling av eigedom
Skal du dele eller seksjonere
eigedommen din, må det verte sendt inn ein dele- eller seksjoneringssøknad som skal verte godkjent av kommunen. Kommunane
kan ha forskjellige føresegner med tanke på tomteareal ol. Ta derfor
kontakt med din kommune før du sender inn søknaden.
Tilbake
|