Ord og Uttrykk
Enkelte ord og uttrykk vert ofte gjentatt. Her kjem ei nærare forklaring.

Ansvarleg kontrollerande
Føretak som er ansvarleg for at bygge- og anleggstiltak vert kontrollert (byggekontroll) både på prosjektering og utføring.

Ansvarlig prosjekterande
Føretak som er ansvarleg for at bygge- og anleggstiltak vert prosjektert / planlagt i samsvar med PBL, forskrifter, arealplanar og/eller føresegner.

Ansvarleg søkar
Føretak som er ansvarleg for at søknaden alle krav i samsvar med PBL vert tilfredsstilt.

Ansvarleg utførande
Føretak som er ansvarleg for at bygge- og anleggstiltak vert utført i samsvar med godkjent søknad om løyve, prosjektering, PBL, forskrifter, arealplanar og/ eller føresegner.

Branncelle
Ein deler opp bygg i brannceller for å hindre brann- og røykspreiing til større deler av eit bygg i den tida som er naudsynt for rømming.

Deling
I hovudsak kommunale handlingar som etablerer ny juridisk fast eigedomseining eller endring av grenser til eksisterande eigedom med bakgrunn i søknad etter § 21-1 i plan- og bygningslova. Gjennomføring skjer i samsvar med reglane plan- og bygningslova og reglane i matrikkellova.

Dispensasjon
Løyve til å avvike frå pbl, forskrifter, arealplanar eller føresegner.

Dokumentasjon
Ei skriftleg stadfesting eller illustrasjon på at det er teke vare på krav i samsvar med plan- og bygningsloven / eller i medhald av lova.

Føretak
I plan- og bygningslova er det ein juridisk person (firma/føretak) som er ansvarleg: søkjar, prosjekterande, utførande eller kontrollerande for søknadspliktig bygge- og anleggarbeid.

Førehandskonferanse
Samtale mellom kommunen og tiltakshavar/ansvarleg søker - før det er kunngjort oppstart av planarbeid eller sendt søknad til kommunen - for å avklare føresetnad for planarbeidet/søknadstiltaket og sakshandsaminga.

Fvl.
Forvaltningslova.

Gjenbuarbuar
Den som eig eller fester ein eigedom på den andre sidan av vegen, gata eller den "opne plassen" i forhold til tiltakshavar sin eigedom.

Grunnbok
Register over tinglyste dokument som gjeld fast eigedom.

Heimelshavar
Den som står som eigar/festar av ein eigedom i grunnboka.

Kartutsnitt
Eit utsnitt av grunnkartet. Vanleg målestokk 1:500, 1:1000 eller 1:5000.

Klage
Ei skriftleg grunngjeving mot eit vedtak eller del av eit vedtak frå ein part i ei sak.

Melding
Forenkla form for søknad, etter den førre plan- og bygningslova som vert brukt når tiltaket var av forholdsvis enkel art. "Meldingsordninga" er gått ut.

Nabo
Den som eig eller fester ein eigedom som har felles grense eller grensepunkt med tiltakshavar sin eigedom.

Pbl.
Plan- og bygningslova.

SAK
Forskrift om saksbehandling og kontroll i byggesaker.

Skjema
Byggesaksblankettar som er godkjent. Blankettane er lagt ut på Statens bygningstekniske etats internettside – www.be.no.

Søknad om løyve
Ein skriftleg søknad om å få utføre et bygge- eller anleggarbeid.

TEK
Forskrift om krav til byggverk og produkt til byggverk.

Tiltak
Føremål på bygge- og anleggsarbeid. Tiltak på eller i grunnen, i vassdrag eller sjøområde nemnd i § 20-1 i plan- og bygningslova bokstav a-m.

Tiltakshavar
Den som er eigar av eit tiltak. (Tidligare byggherre)