| Ulovleg bygg
|
Sjølv
om det har gått mange år sidan eit bygg vart ulovleg sett opp, kan kommunen krevje det fjerna. Kommunen kan gje pålegg om riving av eit ulovleg bygg sjølv om det er gått mange år sidan bygget vart ført opp og teke i bruk. Plan- og bygningslova inneheld ikkje reglar som gjer at kommunen sin rett til å krevje riving vert forelda. |
| Kva er ulovleg? For å finne ut om eit byggjetiltak er lovleg eller ikkje, må ein ta utgangspunkt i dei byggjereglane som gjaldt når tiltaket vart sett i gong. Dersom byggjetiltaket var søknadspliktig når det vart ført opp, og det ikkje ligg føre løyve, er tiltaket ulovleg. Det same gjeld dersom tiltaket var meldepliktig når det vart ført opp og det er ført opp i strid med reglane for meldepliktige tiltak. |
| Sakshandsaming i
kommunen. Når kommunen får melding om ei sak, vil dei først sjå i byggesaksarkivet om det ligg føre eit byggeløyve. Er det ikkje gjeve løyve, vil kommunen tilskrive eigaren i saka. Eigaren vil normalt bli spurt om å sende inn ein søknad. Når søknaden kjem inn til kommunen, vil ein "late som at tiltaket ikkje er bygd", og handsame søknaden deretter. |
| Straffesaka
vert forelda Det er berre ulovleg bygging - som straffesak - som vert forelda. Fram til lovendringa er foreldingsfristen for straffbare brot på plan- og bygningslova to år. Etter at ny bygningsdel i plan- og bygningslova (PBL§2008) tek til å gjelde, vert foreldingsfristen forlenga til fem år. |
| Etterfølgjande
søknad Døme: Er det naudsynt å krevje søknad om byggjeløyve for ein garasje som vart oppført i 1990 utan løyve? Fylkesmannen i Hordaland svarer: ”Det er naturleg at kommunen krev etterfølgjande søknad om løyve til garasjen som allereie er oppført. Ein slik etterfølgjande søknad skal handsamast som om tiltaket ikkje står der og etter reglane på avgjerdstidspunktet.” ”Dersom ein etterfølgjande søknad blir avslått, er utgangspunktet at tiltaket skal tilbakeførast til lovleg tilstand, jf. pbl 1985 kap. XIX. Dersom kommunen meiner det ikkje er rimeleg å krevje slik tilbakeføring, må dette heimlast i pbl 1985 § 116 b.” |
| Det klåre
utgangspunktet er at ulovlege byggjetiltak skal tilbakeførast til
lovleg tilstand, sjølv om det har gått fleire år sidan det vart ført
opp. |
|
|