|
Adressering |
|
Etter matrikkellova § 12 har kommunen ansvaret for tildeling av vegadresse til adresseobjekta m.a. for at ambulanse, brannvesen, politi, drosjer osv.lett skal finne fram til det aktuelle bygget/inngangen til ein adressat. Kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy er etablert som eitt adresseringsområde. Dvs. at adressetildeling og –endring innanfor dei 8 kommunane skjer etter same og samordna system og regelverk. Alle adressene er derfor unike innanfor dette området. (Osterøy og Vaksdal er eigne adresseringsområde.) Namnsetting av vegar som kryssar ei kommunegrense, vert samordna med nabokommunen. Det same gjeld nummereringa av adresseobjekta langs slike vegar. (Gjeld alle kommunane). Adresser skal verte tildelt bygning som vert brukt til bustad-, fritids-, nærings- eller offentleg formål, men kan også verte tildelt anna verksemd og ubygde eigedomar. Adresseobjekt skal tildelast adresse til den vegen/gata bygningen/inngangen har lovleg køyrande tilkomst frå. Der dette ikkje er fastlagt, skjer tildeling ut frå kva som vil vera rasjonelt i høve til ukjende som skal finna fram og topografiske tilhøve.
I bygg
med fleire bustader/lokalar og der desse har tilkomst frå ulik ytre
inngang/oppgang i huset, skal kvar enkelt inngang/oppgang tildelast eiga
adresse. Der det er fleire bueiningar med same vegadresse, vert kvar
bueining i tillegg tildelt kvart sitt husværenummer som del av den
offisielle adressa (offisiell adresse er heile den adressa som er
registrert i matrikkelen) Ei vegadresse kan også bli tildelt eit adressetilleggsnamn, jf. adresseforskrifta § 54. Den som ønskjer eit adressetilleggsnamn kan søke kommunen om å få tildelt det. Tilleggsnamnet må vera i samsvar med reglane i § 54 i matrikkelforskrifta. Også private vegar og område kan kommunen namnsette som eigne adresseparsellar eller innlemme i adresseparsellar som i hovudsak er offentlege vegar. |
|
Kven kan be om å få
tildelt vegadresse.
|
|
Saksgang |
|
Når adressenamn er vedteke, utarbeider adresseforvaltinga sitt forslag til nummerering av adresseobjekta som skal høyre til parsellen. Dette vert så lagt ut på kommunen si heimeside. Nummereringa av adresseobjekta skjer i samsvar med retningslinene i Statens kartverk sin adresserettleiar. (sjå side 21-36) Eventuelle merknader til det publiserte utkastet vert vurdert. Deretter gjer kommunen vedtak om kva nummer det einskilde adresseobjektet skal ha og sender vedtaket og tiløyrande informasjon til adressehavaren. |
|
Eg
skal bygga i eit område der det er tildelt adresse. |
|
Eg er
misnøgd med den adressa eg er tildelt.
|
|
Skilting av adressesystemet. Kommunen fastset plasseringa av alle offentlege adresseskilt (vegnamn-, tilvisings-, kvartals- og områdeskilt). I tillegg kostar kommunen oppsettinga og vedlikehaldet av desse med unntak av dei skilta Statens vegvesen har ansvaret for. Det gjeld alle offentlege adresseskilt langs riks- og fylkesvegar. Adresseeigar har ansvaret og ber kostnadene med å få på plass og halde vedlike adressenummerskilt og turvande tilvisingsskilt på eigen eigedom. Branntilsynet i kommunen fører tilsyn med skiltinga og rapporterer manglar til adresseforvaltar i kommunen som syter for at påpeikte manglar vert retta. Gjeld dette skilt som private eller Statens vegvesen har ansvar for, får dei melding om mangelen og rimeleg frist til retting. Kommunen kan retta manglar på den ansvarlege for retting sin kostnad der pålegg ikkje vert fylgt opp tilfredsstillande. |
|
Endring av tildelt adresse. I slike tilfelle er det vanleg at kommunen gjev eller betalar adresseeigar kostnadene med kjøp av nytt skilt. På vedtak om adresseendring er det klagerett etter matrikkellova § 46. Framgangsmåte etter kap IV-VI i forvaltingslova. Alle spørsmål du har om tildeling og endring av tildelt adresse, om adresseskilt/-skilting, om saksprosedyrar m.v. kan du retta til kommunen. |