|
Deling av eigedom/tomt
Det kom ny matrikkellov gjeldande frå 01.01.2010 og ny
plan- og bygningslov gjeldande frå 01.07.2010. Opplysningane på denne
sida er nå oppdatert i høve dette regelverket. |
|
Vil du dele frå
ei tomt, - eit tillegsareal,
justere
grenser, eller etablere feste for meir enn 10 år, må du søke
kommunen om løyve. Handsaming av delingssøknad er 2-delt:
|
|
![]() |
KVEN KAN SØKE OM DELING?
|
|
SØKNAD Deling av tomt/eigedom og overføring frå ein eigedom til ein annan, er søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova § 20-1. Rettleiing finn du her. Dette skal sendast inn til kommunen:
|
|
|
Samsvar med Arealplan og andre lovverk. Deling må vera i samsvar med kommune- og/eller reguleringsplan og avklara i høve til uavklara restriksjonar sett i andre lover som jordlov, veglov, kulturminnelov m.v.
Deling i område som i kommuneplan er sett av til LNF-område (landbruks-,
natur og friluftsformål), |
|
|
SAKSGANG Når søknaden er registrert i kommunen, foretar kommunen ein enkel gjennomgang av saka. Er det manglar i saka, orienterer vi om det. Treng søknaden behandling/uttale frå andre offentlige instansar, sørgjer kommunen for innhenting av desse. Gjeldande arealplanar i området legg viktige premissar for om eigedomen kan verte delt eller ikkje. |
|
|
Vedtak Vedtaket vert sendt til søkaren med kopi til eventuelle partar som har hatt merknader til søknaden. |
|
|
Klage Vedtak som vert gjort i delesaker, kan verte påklaga av rørte partar (søkja og naboar). Det er tre veker klagefrist etter at vedtaket er gjort kjend. Les meir om klage her... |
|
|
KVA SKJER ETTER AT DELINGSLØYVE ER GJEVE? Oppmåling |
|
|
Erklæringar Naudsynte erklæringar for veg, vatn - og avløpsleidningar må ligge føre før delinga vert gjennomført. |
|
|
Kart- og delingsforretning Under kart- og delingsforretninga vert grensene påvist, godkjent og merka. Det vert ført ein kartforretningsprotokoll der det går fram kven som møtte, om det var semje/usemje i påviste grenser og eventuelt andre forhold som kom opp under kartforretninga. |
|
|
Målebrev Etter kart- og delingsforretninga, vert det utarbeid eit målebrev over den nye eigedomen, og der det er mogeleg - vert målebrev over opphaveigedomen ajourført. Kommunen sørgjer for tinglysning av målebrev og nødvendige erklæringar. Så snart det nye målebrevet er tinglyst, vert saka avslutta med at målebreva vert sendt rekvirenten eller den som har heimelen. Det ajourførte målebrevet vert ikkje normalt tinglyst. |
|
![]() |
Gebyr Arbeidet med ein delesak er gebyrbelagt. I tillegg kjem det tinglysningsgebyr. |