|
Oppmålingsforretning |
|
Oppmålingsforretning. Sentralt i ei oppmålingsforretning er eit formelt varsla forretningsmøte. Dette vert leia av ein landmålar (kommunens eller jordskifterettens. Kommunen kan ha avtale med andre om å utføra forretning på vegne av kommunen). Dei med partsinteresse i vedkomande oppmålingsforretning vert varsla i god tid om tid og stad for forretningsmøte. På møtet informerer landmålar om målet med møtet, sin plan for gjennomføring av forretninga og oppfølgjande arbeid etter møtet.
Landmålar fører referat (protokoll) frå møtet der m.a. formelle sider
ved varslinga, opplysingar om frammøte, habilitet, framlagde dokument,
påvisingar og opplysingar om grenser og relevante bruksrettar og
servituttar m.v. vert dokumentert og innhentar aktuelle underskrifter.
(Sjå eksempel her.). |
|
Fleire
typar
oppmålingsforretning.
|
|
Kven
kan krevje
oppmålingsforretning gjennomført? |
|
Kva
tid vert oppmålingsforretning gjennomført? I visse tilfelle er det tenleg for partane både med kortare og lengre gjennomføringstid enn frist fastsett i forskrift. I så fall kan partane inngå avtale om det når visse føresetnader er til stades. Ta spørsmål opp med matrikkelansvarleg i kommunen. |
|
Gebyr. For visse av sakene vil det vera aktuelt med tinglysing av dokument. I desse tilfella vil det i tillegg til gebyr etter matrikkellova og kunna koma tinglysingsgebyr, og ved arealoverføring òg dokumentavgift. Desse kostnadene skal kommunen betala til Statens kartverk. Kommunen krev derfor inn desse utlegga saman med sine gebyr etter matrikkellova. Dersom kommunen oversit sett frist for sine arbeid, skal kommunens gebyr reduserast i samsvar med reglane i matrikkelforskrifta § 18 siste ledd. |
|
Klage. Alle som har klagerett, vert opplyst om denne og om framgangsmåte ved eventuell klage og at klage skal vera grunngjeven. Kommunen hjelper dei som treng hjelp i oppsett av klage. |