|
Situasjonsplan vedleggast i 3 eksemplar.
Krav til innhald i situasjonsplan:
-
Situasjonsplan må vert teikna på eit situasjonskart eller kartkopi over eigedomen. Kartet må vise gjeldande eigedomsgrenser, alle bygg på eigedomen,
målestokk og dato.
-
Situasjonskart
eller kartkopi kan hentast hos kommunen.
-
Dersom
ubygde delar av eigedomen (uteareal) skal være som
ein tilleggsdel til nokre seksjonar, skal grensene for disse delar
verte
tydelig teikna på situasjonsplan. Tilleggsdelar kan til dømes være plass for biloppstilling
(parkering) eller del av hage som bare skal være den
enkelte sitt bruk. Tilleggsdelar må verte avgrensa på ein klar og eintydig måte av
bygningsdelar eller ved utmål frå slike; t.d. forlenging av
ein vegg eller mur eventuelt med kryssmål frå faste
bygningsdelar.
-
Avgrensinga gjelder både mot andre seksjonar sin tilleggsdel og
mot fellesareal. Det vert tilrådd at markeringane skjer ved bruk av
ulike farger og/eller skraveringar.
-
Dersom
tilleggsdelen gjeld ubygd grunn, må det sendast inn rekvisisjon
av oppmålingsforretning (krav om martrikkelføring) over utearealet. Rekvisisjonen må handsamast
før seksjoneringssaka. Dette har eige gebyr.
|