Planteikningar
vedleggast i 3 eksemplar. Krav til innhald i teikningar:
- Alle dokumenta må være
i A4-format, der alle sider er unikt nummerert.
Det vil vere visse enkelte minimumskrav for den enkelte seksjon:
- Alle seksjonar skal ha eigen inngang. - Kvar bustadseksjon skal ha eige kjøkken og bad/WC.
- Alle fellesfunksjonar må vere plassert på fellesareal. - Brukareiningane må generelt ha ei tenleg avgrensing for sitt føremål.
- Det skal brukast kopi av teikningar som
godkjent i samband med byggesak. Teikningane skal være påført gnr/bnr,
adresse og etasjenummer. Helst M=1:100.
- Planteikningar må vise alle etasjar i bygget,
medrekna kjellar og loft. Det må følgje med planteikningar over alle
bygga som eigedomen har.
- På plan og fasade/snitteikningar, må
det klart og tydeleg verte merka grensene for brukareiningane, forslag til
seksjonsnummer og bruken av dei enkelte romma. Det same gjeld grense mellom seksjon og fellesareal.
Det
vert tilrådd at markeringane skjer ved bruk av ulike farger og/eller skraveringar.
- Vatn /
avløp og straum. Det må verte stadfesta at separat stoppekran for vann og separat
sikringsskap ligg innanfor den enkelte brukareining eller
fellesareal.
Standard abonnementsvilkår for VA, som er vanleg gjeldande i dei
fleste kommunar, krev 1 hovudstoppekran utvendig for
kvar stikkleidning.
I tillegg må kvar bueining ha eige hovudstoppekran som er
tilgjengeleg for andre
(i tilfelle lekkasje der eigar ikkje er heime og andre må stenge
vatnet).
- På kvar seksjonsdel, både hovud- og tilleggsdel, skal det påførast
forslag til seksjonsnummer. Dersom det vert teken i bruk samleseksjonar med td bustader,
må bustadene nummererast med bustadnummer.
|