Generelt om
konsesjonsloven
Konsesjonsloven av 28. november 2003 nr.
98 bestemmer at alle erverv av fast eigedom, som bl.a. erverv ved
arv, gåve, kjøp og stiftelse av bruksrett for lengre tid enn 10 år, er
undergitt konsesjonsplikt med mindre det er gjort unntak i lova eller
forskrifter fastsett i medhald av lova.
Som erverv reknast også erverv
av andelar eller partar i ein eigedom.
Konsesjon må søkes på fastsett
skjema SLF- 0359.
Eit konsesjonspliktig erverv kan ikkje verte tinglyst med
mindre konsesjon er gjeve.
Når eigenerklæring ikkje er naudsynt
Ein del erverv kan skje utan at det
oppstår konsesjonsplikt og utan at eigenerklæring er naudsynt, jf.
forskrift av 8. desember 2003.
Dei mest praktiske tilfella er:
- Erverv av bygd eigedom så lenge
frådelinga av eigedomen er tinglyst i 1930 eller seinare, og
arealet ikkje overstig 2 dekar - med mindre konsesjonsplikta følgjer
av forskrift etter konsesjonsloven § 7.
- Erverv av sameigepart i bygd eigedom som i stadfesta reguleringsplan er lagt ut til anna enn
landbruksområde når kjøparen er sameigar i eigedomen frå før.
- Erverv av areal i
med auge for rasjonalisering - samsvarande med jordlova ved overdraging frå fylkeslandbruksstyret.
- Erverv av eigedomsbustad,
aksjebustad, obligasjonsbustad, andel i bustadbyggjelag og
burettslag og ved burettslag sitt erverv av fast eigedom frå
bustadbyggjelag.
- Erverv av mindre areal som grensar
til - og - skal leggjast til ein eksisterande bygd eller ubygd
tomt, når samtykkje til frådeling av arealet er gjeve til dette føremålet
i samsvar med plan- og bygningsloven og etter jordlova i område der
jordlova gjelder.
Linkar
Skjema for eigenerklæring om konsesjonsfridom ved erverv av fast eigedom
Rundskriv frå Landbruksdepartementet
|