Ord og uttrykk i seksjoneringssaker.

Seksjonering

Eigarseksjonar vert oppretta ved tinglysing av ein seksjoneringssøknad (begjæring).

Eigarseksjon

Ein sameigeandel i ein bygd eigedom med tilknytt einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukareiningar i eigedomen. Ein bustad vert forstått i lova som både heilårsbustad og fritidsbustad.

Sameigebrøk

Ved seksjonering skal det fastsettast ein sameigebrøk for kvar seksjon. Brøken skal uttrykke den enkelte seksjon sin eigarandel i eigarseksjonssameiget og vil m.a. ha tyding for fordelinga av fellesutgifter og fellesinntekter om ikkje anna er fastsett i vedtektene.

Kjøperett for leier av bustad

Den som leiger ein bustad i ein eigedom som blir seksjonert, har i dei fleste tilfella rett til å kjøpe vedkommande seksjon.

Foretaksregistrering

Består et sameige av 9 eller fleire seksjonar skal dette registrerast i Føretaksregisteret i Brønnøysund. Er det færre er det ei frivillig sak. Dette er bare gyldig for sameiger som er seksjonert etter at loven vert sett i kraft.

Full oppdeling

Alle brukareiningar skal omfattast av seksjonering. Unntak finnast, for eksempel vaktmeisterbustad.

Fellesareal

Dette er areal som ikkje inngår i hovuddel eller tilleggsdel.

Tileggsdelar

I tillegg til hovuddelen kan ein brukareining omfatte andre delar av eigedomen. Dette kan omfatte areal i same bygg, f.eks. terrasse eller lofts/kjellarbu. Tilleggsdel kan også være knytt til andre bygg, f.eks. del av et garasjebygg. Deler av uteareal kan også utgjøre delar av ein brukareining.

Seksjonens formål

Føremålet skal enten være B = bustad eller N = næring. Tilleggsareal bygg = B og tilleggsareal grunn = G. (Sjå eigen kolonne i søknadsskjemaet.)

Samleseksjon

I ein eigedom som bare delvis vert brukt til bustadføremål, er kravet til full oppdeling ikkje i vegen for at alle bustadene utgjør ein samleseksjon, og/eller at alle andre brukareiningar blir samla i ein samleseksjon næring. Det er også mogeleg å lage ein samleseksjon for bustad, og samtidig ha eventuelle brukareiningar for næring som enkeltseksjonar.

Brukareiningar som omfattar ubygde delar av eigedomen

Dersom ein brukareining skal omfatte ubygde delar av eigedomen, og areala kan avgrensast av bygningsdelar eller som utmål frå slike, skal grensene merkast på situasjonskartet. Dersom areala ikkje kan verte avgrensa på denne måten, skal grensene visast i målebrevskart.

Utmål

Utmål skal enten være ei rettvinkla forlenging av bygningsdel eller linjer som står vinkelrett på bygningsdel. Meininga er at det ikkje skal være behov for oppmålingsfagleg kompetanse for å kunne påvise kor grensene går.