Plassering og kontroll for plassering av tiltak
- der tiltakshavar sjølv har ansvaret
 

Når kan du, som tiltakshavar, sjølv plassere (stikke ut) bygget på din eigedom?
Der plassering av tiltaket ikkje rører ved kritiske minsteavstandar og høgder eller der kritiske minsteavstandar kan verte teke vare på ved utmål frå - for eksempel eigedomsgrenser m.v.

(Kritiske minsteavstandar vil for eksempel være minsteavstandar mellom bygg, mellom bygg og nabogrense; byggegrense m.v.).
 

I all hovudsak vil du som tiltakshavar derfor sjølv kunne plassere bygget når:

  • Eigedomsgrenser mot nabo er oppmålt og påviseleg i marka/terrenget.
  • Eigedomsgrense mot veg er samanfallende med reguleringslinje mot veg (går fram av situasjonskartet) og at eigedomsgrense mot veg er oppmålt og påviseleg i marka.

Der desse forholda ikkje er teke vare på, bør du som tiltakshavar gjere eit av følgjande:

  • Kontakt kommunen for å rekvirere kartforretning eller påvising av aktuelle eigedomsgrenser.
  • Kontakt kommunen for å rekvirere påvising av aktuelle reguleringsliner; byggeline el.l.
  • Kontakt eit føretak som har kompetanse til å utføre utstikking (dette vert tilbudd som ei teneste i enkelte kommunar). Eit slikt føretak kan hente digitale grunnlagsdata frå kommunen, og bruke dei i plasseringa.

Det vert gjort merksam på at kommunen sine tenester er gebyrbelagt.

 

Tiltakshavar sitt ansvar

  • Tiltakshavar er sjølv ansvarleg for å varsle kommunen for eventuell påvising av leidningar for vatn - og avløp i grunnen. 
  • Tiltakshavar må sjølv sørgje for at bygget vert plassert riktig i marka. Godkjent situasjonsplan vert sett på som dokumentasjon for plassering av tiltaket.
    Tiltakshavar er ansvarleg for at tiltaket vert plassert i samsvar med situasjonsplanen, og skal varsle avvik til byggesakskontoret.