Samanføying av eigedomar


Fleire eigedomar som ligg i same kommune og har same eigar (heimelshavar), kan krevjast samanføya til ein eigedom.  Som hovudregel vert det sett krav om  at eigedomane grensar til kvarandre.

Søknad om samanføying - sjå deling.


Samanføying kan ikkje verte gjennomført der den vil føre til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Ved samanføying vert panteretten til heile den samanføya eigedomen eller festeretten, utvida.
Panthavarar som frå før av ikkje er gjort kjent med saken, skal verte underretta om samanføyinga og den nye identifikasjonen på eigedomen.

På same måte kan fleire festerettar verte samanføya dersom dei ligg på same grunneigedom.
Samanføying av festerettar kan krevjast av heimelshavar eller festar, som sender kopi av kravet til andre heimelshavarar som vert gjeve ei frist på 2 veker til uttale. Alternativt kan både festar og heimelshavar underteikne kravet om samanføying.
Samanføying av festerettar kan bare skje dersom festekontraktane for grunnstykka er likelydande og festerettane ligg på same eigedom.

For samanføying av eigarseksjonar vises til info om seksjonering og reseksjonering.

Gebyr
Samanføying av eigedomar er ikkje gebyrbelagt.