Klage på vedtak

Når kan eg klage på eit vedtak?
Enkeltvedtak som er gjort etter Pbl§1-9 og matrikkellova § 46 kan verte påklaga i samsvar med forvaltningslova § 28. Frist for klage er 3 veker frå det tidspunkt melding om vedtaket vert rekna å ha kommen fram til Dykk. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagt innan frista. Klaga skal verte sendt til kommunen.
Det kan ikkje klagast på tilhøve som er sett i bindande reguleringsplan eller ved dispensasjon.

Formkrav til klaga
Klaga må være underteikna, - opplyst om det vedtaket det vert klaga over, - og dei endringar som vert ønska i vedtaket. Klagen bør være grunna og innehalde alle dei opplysningar som har tyding for vurderinga av klagen.

Kan byggearbeidet verte satt i gang, sjølv om det er innsendt klage?
Sjølv om det er innsendt klage, kan byggearbeidet - til vanleg - verte sett i gang.
Dersom du meinar at byggestart må vente til klaga er avgjort, kan du i klaga be om "oppsettande verknad" (utsett igangsetting) av vedtaket.
Det er kommunen som avgjer om "oppsettande verknad" skal verte gjeve.

Kan eg få dekka kostnader (utgifter) ved klage?
Vurderar du å klage, kan du søke om å få dekka utgifter til advokatbistand etter regla for fritt rettsråd. For fritt rettsråd gjeld grensar for inntekt - og formue. Fritt rettsråd vert gjeve av praktiserande advokatar som også kan orientere om ordninga.

Om klagen fører fram, kan du krevje at naudsynte kostnader ved klaga, vert dekt etter føresegnene i forvaltningslova § 36.
Det kan òg vert krevje dekt vesentlege kostnader som har vært naudsynte for å ta vare på dine interesse i klagesaka, dersom det vert funne rimeleg.

Har eg rett til å sjå dokumenta i saka og krevje rettleiing?
Med de grenser som vert sett av forvaltningslova §§ 18 og 19 har du rett til å sjå dokumenta i di sak.
Du må i tilfelle vende deg til kommunen og kan få nærare rettleiing om klagerett samt sakshandsamingsreglar og andre reglar av konkret tyding for dine rettar og plikter innafor vårt saksområde.

Gå til forrige sideTilbake