|
Søknad "utan
ansvarsrett" |
|
Storleiken avgjer.
Storleiken som avgjer kva sakshandsaming
tiltaket skal ha. Areal vert rekna i samsvar med NS 4351. Når ein reknar areal må alle etasjar/høgder medreknast. |
|||||||||||||||||||
|
PBL
2008 § 20-2. Link til søknadspliktig arbeid som kan gjerast av tiltakshavar sjølv, Pbl§ 20-2"
|
Mindre tiltak etter PBL§
20-2, 1.ledd a) er: - oppføring, - endring, - fjerning og riving mv. av tiltak som er i samsvar med PBL§ 1-6, 2.ledd: 1. Eit enkelt tilbygg der samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) <50m2. Tilbygget kan i tillegg vere underbygd med kjellar. 2. Eit enkelt frittliggande bygg som ikkje skal brukast til bustad, - og - der samla BRA eller BYA < 70m2. Bygget kan oppførast i inntil 1 høgde og kan i tillegg verte underbygd med kjellar. 3. Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innanfor ei brukseining (bueining). 4. Skilt- og reklameinnretning inntil 6,5 m2 montert på vegg, eller med h<3,5 m og b<1,5 m montert frittståande på terreng. Regelen omfattar ikkje plassering av skilt- og reklameinnretningar som kan vere til fare for persontryggleik og ikkje når fleire skal monterast på same stad eller på same fasade. 5. Antennesystem med h<5,0 m. Dette omfattar ikkje plassering av ant.system som vere til fare for persontryggleik eller når fleire antennesystem skal plasserast på same stad eller på same fasade. |
||||||||||||||||||
Kva
må eg sende inn?
Den enklaste måten å sende søknad på, er å bruke http://www.byggsok.no. Gå vidare på: - Utarbeide byggesøknad. - Ny byggesak - Logg inn Her kan du få rettleiing i utfyllinga slik at søknaden vert komplett og dermed ei raskare handsaming. Du kan ta utskrift frå nettet og i staden for skjema kan du sende utskrifta til kommunen som ikkje kan ta imot e-søknad. |
|||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||
|
Her finn du eit døme på
kommunen si sjekkliste
som vert brukt når kommunen ser igjennom søknad der tiltakshavar
sjølv kan ha ansvaret.
|
|
|
Når får eg svar? Når kan eg starte? Kommunen må til vanleg gje svar på denne typen søknad innan 3 veker. Har du ikkje mottatt svar innan 3 veker - og tiltaket ikkje er i strid med lovverket - kan arbeida verte satt i gang. Tiltakshavar er sjølv ansvarleg for at føresegnene i plan- og bygningslova og byggeforskriftene vert følgd. Vert tiltaket sett i gang utan at det er i samsvar med lovverket - vil tiltaket bli sett på som - ulovleg oppført. Vi rår til at du tek kontakt med kommunen før du sett i gang. |
![]() |
|
Kostar det noko? Kommunen vil krevje eit gebyr for handsaminga. Gebyrregulativ er fastsett av kommunestyret. Vær merksam på at det også er gebyr
for tilkopling til vatn - og avløp. I visse høve kan dette òg gjelde for
tilbygg. Sjekk med din kommune. |
|
Plassering. Dersom tiltaket er frittståande, har du ansvaret for at det vert rett plassert. Sjå her. |
|
Arbeidet ferdig. Når arbeidet er ferdig skal du opplyse kommunen om dette. Her er ein blankett for dette. 5167 Ferdigattest Husk å opplyse om: adresse, gnr./bnr., saksnummer og eventuell endring av plassering. |