| Nedgravde oljetankar | |
|
Forureining
Oljetankar i stål kan lett ruste og risikoen for at det oppstår lekkasje auka om det er rust på tanken. Også tankar i anna materiale kan få skader som fører til lekkasje. Korleis er lekkasje uheldig? • Olje kan transporterast til vatn og vassdrag og gje skade på vegetasjon og dyr. • Olje kan gå ned til grunnvatnet og ureine drikkevassbrønn. • Opprydning etter lekkasjar er ofte svært kostbart. • Oljen kan trenge inn i kjellar eller drenssystemet under huset og gje luktproblem. |
Miljøverndepartementet vedtok i 2004 ”Forskrift
om begrensning av forurensning ”. Føremålet med forskrifta er å hindre at nedgravde oljetankar vert ein risiko for forureining. Kommunen skal sjå til at forskrifta vert halden. Har du ein nedgravd tank på din eigedom som inneheld ein av følgjande væsker, må du melde frå til kommunen: • Parafin • Fyringsolje • Andre brennbare væsker (td spesielt brennbare væsker, td bensin, gjeld strengare føresegner enn dei som er omtalt her) |
|
Kven er ansvarleg?
Det er eigaren av oljetankar som er ansvarleg for at den til ein kvar tid er i forskriftsmessig stand. Kontroll skal gjennomførast som periodisk tilstandskontroll, eller ved eit system for automatisk lekkasjeovervaking. Skulle det oppstå lekkasje er det også eigaren sitt ansvar og rydde opp. Kommunen er ansvarleg for å føre tilsyn med at alle tankeigarar utfører periodisk kontroll når de skal. |
|
|
Tankar som mellombels takast ut av bruk Nedgravde oljetankar som mellombels takast ut av bruk, skal tømmast for olje og sikrast slik at utilsikta påfylling ikkje kan skje. (Fbf§1-8, 1.ledd). |
Tankar som permanent takast av bruk Det skal gjevast skriftleg melding til kommunen dersom ein nedgravd oljetank permanent takast ut av bruk.
OBS. Slike tankar
skal tømmast og gravast opp. |
|
Ny tank Nedgraving av ny tank er søknadspliktig tiltak. Tankar på over 3.200 liter er søknadspliktig tiltak. Avhengig av innhald og storleik er det òg i enkelte høve naudsynt å søke om byggeløyve og/eller løyve til oppbevaring av brannfarleg væske. Tankar som inneheld over 3.000 liter olje eller 1.650 liter parafin må i tillegg ha løyve frå brannvesenet om oppbevaring av brannfarleg væske. Dette i samsvar med § 3-3 i ”Forskrift om brannfarlig vare”. Kommunen må mellom anna halde seg til Fbf§1-11, når det gjeld søknad om dispensasjonar. |
|
|
Avstandskrav
(sjå også eige avsnitt om
Avstandskrav.). Dersom den nye nedgravde oljetanken leggast meir enn 4 m frå nabogrense enn 4m, kan det verte fritatt for nabovarsel. Kjekt å hugse på: - Omfylling av tanken m/komprimering med omsyn til trykkfordeling frå køyretøy - Heile anlegget må trykkprøvast - Innmåling av plassering med dokumentasjon - Oljetankar skal ha overfyllingsvern. - Flomutsatte tankar skal ha naudsynt forankring. - Oljetankar innanfor 100m-sona mot vassdrag bør ha dobbel botn. |
|
|
Periodisk tilstandskontroll
Alle typar nedgravde oljetankar skal, i samsvar med forskrifta, ha jamnleg tilstandskontroll. Kor ofte varierar med tanken sin alder og materiale. Kontrollane skal utførast av firma med tilstrekkeleg kompetanse. Etter utført kontroll skal firma sende inn rapport frå kontrollen til kommunen. Ta kontakt med kommunen for informasjon om firma som kan utføre kontroll. Ein tank som ikkje er i trygg stand skal anten takast ut av bruk eller utbetrast etter aksepterte metodar. Ein utbedra tank skal ikkje brukast før det er gjort ny tilstandskontroll. |
|
|
|
|