Private planar
Startpakke for private planforslag etter Pbl - i kommunane i Nordhordland og Gulen
 
Det er sett i gang arbeid med å lage ny startpakke for private planar, der det er referert til paragrafar i plan- og bygningslova (plandelen) gjeldande frå 01.07.2009.
 
Fylkesmannens rutinar for handsaming av saker etter plan- og bygningslova (rutinane som vart innført 18.02.09 vert vidareført) http://fylkesmannen.no/hoved.aspx?m=1166&amid=2723636
 

Ny SOSI 4.1

og

Nye TEIKNEREGLAR for plan i høve til ny Pbl.

1. juli trer ny Plan- og bygningslov i kraft. Det er ein god del endring i den nye plandelen i forhold til den gamle lova. På grunn av alle endringane har det vore nødvendig å revidere SOSI for plan. Blant anna er det ein del endring i arealbruksformåla. Dei same arealbruksformåla skal nå nyttas både i kommuneplan og i reguleringsplan. Ny datamodell, SOSI 4.1 for plan, finn du her: SOSI 4.1 datamodell

Nye teiknereglar for kommuneplanar og reguleringsplanar blei oppdatert 24.05.09 og dei finn du her: Norge digitalt planside

Eksempel på planar laga etter dei nye reglane blei lagt ut 18.06.09 og dei kan også lastast ned frå same side. Fleire eksempel vil komme etter kvart.

Restriksjonar og retningslinjer forsvinn og vert erstatta med omsynssoner. Teiknereglar for omsynssoner finn du også på denne sida (sjå under henssynssoner). Endeleg og revidert versjon kom 09.06.09.
Dei nye arealbruksformåla er uttømmande og ein kan ikkje nytta eigne formål.

Ein er også pålagd å nytte dei teiknereglane som er definert i standarden. Hovudårsaka til dette er at teiknereglane nå er knytt til SOSI-standarden. Dei nye teiknereglane er web-sikre. Fullstendige dokument med teiknereglar for linjer og symbol er lagt ut.

Den nye kartforskrifta har vore ute på høyring, høyringsfristen var 22. mai. Arbeidet med innspel frå denne høyringa og vidare arbeid med SOSI-standarden m.m. har nå ein pause, men arbeidet vil starte opp igjen til hausten. Det vert nå obligatorisk med planregister i alle kommunar. Planregister må ikkje forvekslast med planarkiv. For meir informasjon om planregister sjå ny kartforskrift.


Når det gjeld "overgangsbestemmelser" vil det bli 6 månader for planregister, men ingen for framstiling av plan. Ved nærmare undersøking har ein funnet ut at det ikkje er heimel for å kunne forlenge bruken av dagens regelverk når det gjelder framstilling av plan. Heimelen kan berre nyttas i forhold til byggesaksreglane.


For meir informasjon om plan og sosi sjå: Miljøvern departementet, Norge digitalt og Statens kartverk