Kva er ein plan.

(Denne sida utgår 01.07.09. - nytt regelverk)

Føremålet med ein plan, er å sette mål for kva som skal kunne verta bygd i eit område
- og - kva som ikkje skal kunne verte bygd.

Planane er eit verktøy som vert brukt i styringa av utviklinga av samfunnet.

 
Det er planar på fleir "nivå".
 
  Kommunenivå - der planane vert sett av kommunane (kommunestyret).
    I kommunane er planane delt inn i nivå:
    - Kommuneplan. (Les meir om kommuneplan her..)
    - Reguleringsplan. (Les meir om reguleringsplan her..)
    - "Bebyggelsesplan".
    - Lokale føresegner.

    Alle planar er sett saman av - eit plankart - og  - føresegner for planen.
 
  Fylkesnivå - der planane vert sett av fylkesmynde.
    Døme på regionale føringar:
    - Rammeplan for avkjøring (SVA)
    - Fylkesplanar.
    - Fylkesdelplanar for handel, service og sentrumsutvikling.
    - Samferdselsstrategi  i regionen.
    - Andre kommunale samarbeid / Interkommunale selskap (brann, avfall etc.).
 
  Riksnivå - der planane vert sett nasjonalt.
    Til dømes:
     - Pbl
§17-2 Forbod mot bygging og frådeling i 100-m beltet mot sjø,
       Rikspolitiske retningslinjer - RPR, Temarettleiingar og rundskriv.
 
Kva plan gjeld om dei er i strid med kvarandre?
Det er den siste (dato) godkjente planen som gjeld.

Kommuneplanar må underordna seg fylkesplanar, som igjen må underordna seg riksplanar.
 
Vil du sende inn private planar? Sjå startpakke for private planar.