Situasjonskart
  • Situasjonskart inneheld opplysningar om eigedomen sine grenser, areal, høgdekoter og gards- og bruksnummer.
  • Nokre kommunar leverer også opplysningar om offentlege leidningar for vatn - og avløp, reguleringssituasjonen med byggelinjer, frisiktslinjer og senterlinjer i regulert veg.
  • Det vert ofte lagt ved naboliste som viser kven som har heimel (eigarane) til naboeigedomane.
Når er det trong for situasjonskart?
- Ved byggesaker som er søknadspliktig.

- Ved søknad om deling av eigedom.

- Ved utsleppssaker som er søknadspliktig.

 
Kvar får eg tak i situasjonskart?
Du kan ikkje utan vidare bruke gamle situasjonskart. Situasjonskart og naboliste er "ferskvare".
Du kan ikkje utan vidare bruke kart som er henta frå internett.
Du kan bestille situasjonskart og naboliste ved førespurnad til den kommunen der eigedomen ligg.
Eit offentleg situasjonskart har opplysningar om "økonomisk kart". Det er lurt å samtidig tinge naboliste.
 
Andre kartunderlag som kan tingast:
- Kart over leidningar for offentleg vatn - og avløp bør ligge føre.
- Reguleringskart/"bebyggelsesplan" bør ligge føre. Reguleringskart bør vise byggelinjer,
  regulert gjerdelinje og siktlinjer. Pass på å få med reguleringsføresegner.

Tinging kan gjerast gjennom ein tingingsportal: www.infoland.no

Dette må du sjølv syte for å få teikna inn på situasjonskartet før du sender det til kommunen:

Ved byggesak:
- Byggetiltaket med målsette avstandar til andre bygg, nabogrenser og vegar.

  Møneretning, støttemur, avkjøring, framtidig garasje og oppstillingsplass for bil.

- Det bør også verte vist sokkelhøgde, terrengendringar,
(”skjæring”, fylling, støttemurar o.l.).
 
  • Huskeliste for situasjonsplan finn du her.
  • Eksempel på ein situasjonsplan for ny bustad kan du sjå her.
  • Eksempel på ein situasjonsplan for tilbygg og garasje kan du sjå her.
  • Forslag til skriftleg erklæring om redusert avstand til nabogrense finn
    du
    her (Word-format). eller her (Pdf-format)
  • Treng du skriftleg erklæring for å legge leidning for vatn og avløp over nabogrunn?
Ved delingssøknad:
 - Framlegg til ny delelinje (grenselinje).
   Delelinja skal i utgangspunktet ikkje verte lagt nærare eksisterande eller framtidig bygg enn 4 m.
   Vert grensa lagt nærare, vert det sett krav om skriftleg erklæring frå nabo om redusert avstand til
   nabogrense.

 -
Plassering av hus, garasje og oppstillingsplass for bil må verte vist både på ny og på attverande tomt.
 - Alle bustadtomter (ny og eksisterande) må verte sikra veg, vann og avløp.
 - Situasjonsplanen til delingssøknaden må vise korleis disse forholda er tenkt løyst.

Etter at du har teikna tiltaket inn på situasjonskartet vert det ein situasjonsplan.
 

OBS - 1! Skjulte objekt i grunnen.
I nokre høve kan det være naudsynt å avdekke kor det ligg offentlege leidningar for vatn - og avløp og reguleringssituasjonen med byggelinjer, gjerdelinjer, frisiktslinjer og senterlinjer i regulert veg.
Dette kan ha konsekvensar for plassering av tiltaket.

OBS - 2! Plassering.
Som nemnt før, det er du som tiltakshavar som har ansvar for at tiltaket vert plassert rett i terrenget.
Der du sjølv skal plassere eit tiltak i terrenget, slik at det vert i samsvar med situasjonsplanen og i samsvar med løyve frå kommunen, må du lese
her

Gå til forrige sideTilbake