Når kan du, som
tiltakshavar, sjølv plassere (stikke ut) bygget på din eigedom?
Der plassering av tiltaket ikkje rører
ved kritiske minsteavstandar og høgder
eller
der kritiske minsteavstandar kan verte tatt vare på ved utmål frå - for eksempel
eigedomsgrenser m.v. (Kritiske minsteavstandar vil for eksempel være
minsteavstandar mellom bygg, mellom bygg og nabogrense; byggegrense m.v.).
I all hovudsak vil du som tiltakshavar
derfor sjølv kunne plassere bygget når:
- Eigedomsgrenser mot nabo er oppmålt
og påviselig i marka.
- Eigedomsgrense mot vei er
samanfallende med reguleringslinje mot veg
(går fram av
situasjonskartet)
og at eigedomsgrense mot veg er oppmålt og
påviseleg i marka.
Der disse forholda ikkje er tatt
vare på, bør du som tiltakshavar gjøre eit av følgjande:
-
Ta kontakt kommunen for å rekvirere
kartforretning eller påvisning av aktuelle
eigedomsgrenser.
- Ta kontakt kommunen for å rekvirere
påvisning av aktuelle reguleringslinjer;
byggelinje el.l.
- Ta kontakt
med eit foretak som har
kompetanse til å utføre innmåling/utstikking.
(Enkelte kommunar
tilbyr utstikking/innmåling).
Det vert gjort merksam på at nokre av kommunens
oppmålingstenester er gebyrbelagt.
Tiltakshavar sitt ansvar.
-
Tiltakshavar er sjølv ansvarleg for
å varsle kommunen for eventuell påvisning av
leidningar for vatn -
og avløp i grunnen.
- Tiltakshavar er sjølv ansvarleg for at
bygget vert plassert riktig i marka.
Godkjent situasjonsplan vert
sett på som dokumentasjon for plassering av tiltaket.
- Tiltakshavar
er ansvarleg for at tiltaket vert plassert i samsvar med
situasjonsplanen,
og skal varsle avvik til byggesakskontoret.
|