|
Førehandskonferanse
Kva er ein førehandskonferanse?
Reglane for førehandskonferanse finn du
i PBL §21-1 og 21-8. SAK10§6-1, 7-1 og 7-2.
Ein førehandskonferanse er eit møte
mellom deg (tiltakshavar), din representant (ansvarleg
søkjar) og kommunens sakshandsamar, - for å gå i gjennom dine idear til ditt byggeprosjekt.
Du kan be om slikt møte når du har
ein ide om å bygge noko.
Kommunen kan også be om førehandskonferanse
med deg når kommunen meiner at det er trong for å avklare
eit tiltak. Møtet bør haldast i god tid før ein søknad blir sendt til kommunen.
Korleis kan du tinge
førehandskonferanse?
Du kan tinge møtet ved telefon
eller bruke
tingingsblankett som kan sendast til den kommunen du skal bygge
i.
Kven deltar i ein
førehandskonferanse?
Du som tiltakshavar og din
representant (ansvarleg søkjar) deltar.
Frå kommunen møter byggesakshandsamar som kan innkalle andre mynde
der det er trong for at dei deltar i møtet.
Kva bør du ta med til
førehandskonferansen?
Du bør ha komme så langt i
planlegginga av byggeprosjektet ditt at du kan sende ei skisse til
kommunen på førehand eller at du kan vise dette i møtet.
Her kan du hente ei
momentliste du kan ta med til møtet.
Kva skjer i førehandskonferansen?
-
I førehandskonferansen gir partane
kvarandre ein gjensidig informasjon, slik at du og din
ansvarlege søkjar
skal få oversikt over kva føresetnader som regleverket gjev for det
byggeprosjektet du har tenkt å gjennomføre.
- I møtet vert det avklara om
søknadsforma for byggeprosjektet og om det er trong for å søke
om dispensasjon
frå gjeldande regelverk.
- Kommunen bør gi informasjon om
saksgangen, handsamingstid og gjeldande gebyr så langt
som det er
mulig.
Se også momentliste nedanfor for
førehandskonferanse.
Referat frå førehandskonferanse:
Det bør verte skrive referat frå
møtet og som regel er referenten kommunen sin representant.
Referatet kan verte levert ut som avslutning på møtet eller vert
sendt ut etter møtet til alle partane som deltok. Referatet er
rettleiande, men ikkje bindande for vidare sakshandsaming.
|