Søknad om Tiltak som krev ansvarleg føretak.

Søknadsplikta er delt opp slik:

  1. Fritak. Tiltak som er unnatatt / fritatt frå søknadsplikta.
               
    Jfr. PBL§20-3 ("tiltak som ikke krever søknad og tillatelse") SAK10§4-'
  2. Søke sjølv. Tiltak (byggearbeid) som kan gjerast av tiltakshavar sjølv.
             Jfr. Pbl§20-2. ("tiltak som kan foreståes av tiltakshaver")
  3. Ansvarleg føretak må søke. Alt byggearbeid som ikkje er rekna opp
             under A og B, er søknadspliktig tiltak der ansvaret må dekkast av
             "ansvarlege føretak". Jfr. Pbl§20-1 ("tiltak som krever søknad og tillatelse").

SØK=Ansvarleg søkar
Søknaden må formast av eit firma/føretak som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess og dokumentere at prosjektet er i samsvar med plan- og bygningslova m/forskrifter.
SØK kan til dømes vere ein arkitekt, bygningsingeniør eller ein byggmeister.

Det kan haldast førehandskonferanse med kommunen før søknad vert sendt inn, men ansvarleg søkjar må delta på denne.

Ansvarleg søkjar må verte godkjent av kommunen.
- SØK er ansvarleg for å sende inn ein komplett søknad.
- SØK er kommunen sin kontaktperson - til ditt prosjekt.

- SØK skal mellom anna sjå til at tiltaket (byggjearbeidet) er dekt med ansvar. 
- SØK innhentar ofte dei naudsynte dokumenta som t.d. situasjonskart,
  reguleringsføresegner og eventuell anna aktuell informasjon.
  Nokre opplysningar/dokument finnast på internett.
 

Kva skal sendast inn?
Den enklaste måten å sende søknad på, er å bruke Byggsøk. Der får rettleiing i utfyllinga slik at søknaden vert komplett og dermed ein raskare handsaming. Du kan ta utskrift frå nettet. Utskrifta kan du sende kommunar som ikkje kan ta imot e-søknad.

Mange kommunar vil ikkje lenger sende deg blankettar i posten.

Søknaden skal innehalde all naudsynt dokumentasjon
- om prosjektet og
- om aktørane i prosjektet.

ENKEL LISTE OVER DOKUMENT
 

Du kan også finne dei nyaste
blankettane på Byggsøk.
Gå vidare på:
- Utarbeide byggesøknad.
- Ny byggesak
- Logg inn


Her ser du eit eksempel på kommunen si sjekkliste ved mottak av søknad (Søknad der føretak med ansvarsrett har ansvar). Det gir deg tips om kva du må passe på når du fyller ut søknaden.
 

Når får du svar?
Handsamingstida varierar litt mellom kommunane, og varierer også etter årstida samt handsamingsform. Det kommer flest søknader om våren og sommaren, og handsamingstida på disse årstidene kan derfor være lengre.
Din kommune kan gje deg nærare informasjon om handsamingstida.
 
Når kan byggearbeida starte opp?
Først når du har mottatt eit løyve, kan arbeida starte opp.
Vær merksam på at eit rammeløyve ikkje er eit igangsettingsløyve.
 

Kva kostar det?
Kommunen vil krevje gebyr for handsaming av byggesøknaden. Gebyrregulativet er fastsett av kommunestyret. Du kan få nærmare opplysningar om ditt gebyr ved å kontakte kommunen.

Vær merksam på at det også verte satt gebyr for tilkopling til vatn - og avløp, dette kan også gjelde for tilbygg. Sjekk med din kommune. 

 

Kva meir bør eg vite?
Plan- og bygningsloven er fokusert på å heve kvaliteten på det som blir bygd. Gjennom kommunen si handsaming av søknaden, vert aktørane sine kvalifikasjonar kontrollert. Kommunen vil stille krav til dei profesjonelle aktørane, det bør du også gjere. 

Lova legg òg vekt på det estetiske. Bygga lever lengre enn dei som oppførte dei. Bygga verkar i stor grad inn på vårt offentlege rom.
Vil du lese meir om estetikk kan du lese meir her om "Estetikk i plan- og byggesaker".
 

Ferdigattest.
Før eit nytt bygg kan verte tatt i bruk skal det ligge føre ferdigattest som vert gjeve av kommunen. Søknad om ferdigattest finn du her.
Det er ulovleg å ta i bruk nye bygg utan at det ligg føre løyve til dette frå kommunen.

Gå til forrige sideTilbake

'