Korleis skjer tilsyn?

Kva ser tilsynet etter?
På tilsynsmøtet vert føretaket intervjua om korleis føretaket er organisert, om dei har eit styringssystem og om korleis dei gjennomfører kontrollen sin.

Varsel.
I varslet vert føretaket informert om at tilsynet vil sjå dei d
elar av føretaket sitt styringssystem som gjelder det aktuelle tiltaket.:

1. Organisasjonsplan, som viser ansvars- og oppgåvefordeling, prosjektorganisering og
    fordeling av kvalifikasjonane blant føretaket sine faglege leiarar samt korleis føretaket
    trygger at oppgåveløysning skjer på kvalifisert måte. (SAK§10 a)
2. Vise korleis føretaket bruker andre kvalifiserte føretak og korleis desse styres. (SAK§10 b)
3. Korleis føretaket tar vare på dei plikter og oppgåver som følgjer av føretakets ansvar og
   funksjon . (SAK§10 c)
4. Identifikasjon av gjeldande krav i plan- og bygningslova for gjennomføringa av oppdrag
    (SAK§10 d)
5. Rutinar for naudsynte og oppdaterte kunnskapar om PBL som er relevante for føretaket sitt
    godkjenningsområde. (SAK§10 e)
6. System for å identifisere, rette opp og hindre gjentaking av avvik (SAK§10 f)
7. Dokumentstyring (post, e-post, tlf, avtaler, fax, referat) (SAK§10 g)

Tilsynsrapport.
Tilsynsrapporten vil halde seg til det som er varsla, om handle om dei enkelte punkta i
SAK§10 i samband med ei intervjuliste.
Føretaket vil verte gjeve ein "stilkarakter" i samband med
rundskriv HO-1/2004, pkt.8.1.
Der tilsynet finn manglar hjå føretaket, må dette verte avklara før tilsynet avsluttar saka.