Generell informasjon om TILSYN                                    BAKSIDE

Bygningskontroll.
Det er slutt på den gamle kommunale bygningskontrollen.

Tilsyn
Kommunen fører no tilsyn i
samsvar med Pbl 2008 §25.
Kommunen skal sjå til at tiltaket er utført i samsvar med byggjeløyve.

Gjennomføring av Tilsyn.
Føretak vert varsla om tilsynsmøte i god tid
(minimum 1 veke før) .
Etterpå vert det sendt ein tilsynsrapport til føretaket, med kopi til kommunen og evt. BE.
Les meir om korleis tilsyn skjer her....

 

KRAV TIL STYRINGSSYSTEM
Byggekontroll vert no utført av føretaka gjennom dokumentert eigenkontroll eller uavhengig kontroll. Disse dokumenta - saman med føretaket sitt kvalitetssystem er utgangspunktet for tilsynet. Kva er meint med "Styringssystem"? - sjå her.

 

NGIT - Nordhordland og Gulen Interkommunale Byggetilsyn.
Nordhordalandskommunane har etablert ei interkommunal teneste (NGIT) som fører tilsyn i deira kommunar. Les meir om NGIT her....

 

Kva med feil og manglar i byggeak, - på byggeplass m.v?
Vert det avdekka at tiltaket ikkje er oppført i samsvar med lova, kan kommunen gje pålegg om stans av tiltaket fram til det påtalte forhold er brakt i orden.

Vert det avdekka svikt hos ansvarshavande kan kommunen - krevje uavhengig kontroll - gje åtvaring og/eller etter varsel - trekkje godkjenninga av ansvarsretten - eller - nytte tvangsmulkt for å få retta opp feil.

Statens Bygningstekniske etat (BE) skal verte underretta om åtvaring, tilbaketrekking av ansvarsrett eller krav om uavhengig kontroll. BE fører eige tilsyn med føretak som har sentral godkjenning. Ein innrapportering kan få tyding for søknad om sentral godkjenning eller fornying av slik søknad.

 

Gå til forrige sideTilbake