Tiltak som er fritatt frå søknadsplikta

KVA ER UNNTAK / FRITAK ?
Nokre tiltak (byggearbeid) er fritatt søknadsplikta - under visse føresetnader.
Føresetnaden er at dei er mindre, ikkje fører til fare, er til urimeleg ulempe for omgjevnadene eller allmenne interesser.

Arbeid som ikke krev søknad om løyve, Pbl 2008 § 20-3
Byggesaksforskrifta (SAK10) § 4
Unntak frå søknadsplikt for arbeid som hansamast etter andre lover, Pbl 2008 § 20-4

Tiltaket må ikkje vere i strid med lokale vedtekter/føresegner, kommuneplan,
reguleringsplan og  bygningslova (strandsona) m.v. (sjå nedanfor).
Tiltakshavar er ansvarleg for at Teknisk forskrift skal vere tatt vare på.

 
Ansvar.

Arealplan må takast omsyn til.
Ved bruk av "fritak" vert tiltakshavar sjølv ansvarleg for at føresegnene i plan- og bygningsloven og byggeforskriftene vert følgd. Tiltakshavar skal sjå til at tiltaket er i samsvar med plan- og bygningslova og medhøyrande føresegner, kommune-, regulerings- og utbyggingsplan samt kommunale føresegner (vedtekter).

Ålmenta må takast omsyn til.
Unntaket føresett at tiltaket ikkje vert plassert slik at det hindrar ålmenn ferdsle, friluftsliv eller på annan måte fører til vesentleg ulempe for omgjevnadene.

Kulturminne må takast omsyn til.
Kulturminne må takast vare på som ein viktig del av omgjevnadene. Det vert til dømes vist til kulturminneloven §3 der det går fram at ingen må sette i gang tiltak som "utilbørlig skjemmer automatisk fredete kulturminner".
 

 
Storleiken avgjer.
Fritaksordninga er knytt opp mot arealgrenser slik at det er storleiken på tiltaket som bestemmer om tiltaket vert fritatt, meldingspliktig eller søknadspliktig.
Areal vert rekna i samsvar med NS 4351.
 
Avstand avgjer.
Er konstruksjonen frittliggande, må den plasserast minst 4 meter frå grensa, for at tiltaket skal være fritatt frå meldings/søknadsplikt. Sjå elles avstandskrav.
 
Ta kontakt med din kommune der du skal bygge og dine naboar før du sett i gang slike tiltak.