Byggegrense mot Veg

Ved trong for å bygge nærare veg enn det byggegrensa tillet, må dette avklarast i ein søknad om dispensasjon. Avstand vert rekna frå senterline offentleg veg til næraste bygg/tiltak.

1. Søknad om dispensasjon kan førast på skjema - sjå under.
2. Søknad om dispensasjon må vedleggast situasjonsplan
    som viser tiltaket med målsette avstandsliner.
 


Søknad om dispensasjon frå byggegrense mot kommunal veg finn du her.
Rettleiing og søknadsskjema om dispensasjon byggegrense - fylkesveg finn du her.

Garasjeplassering i forhold til veg.
Det har vore vanleg praksis at garasje plassert med avstand til veg slik:

Garasjetilkomst parallelt med veg

Garasjetilkomst vinkelrett med veg

Plass til snøopplag utafor vegkanten.
Avstand mellom garasje og veg(kant) vert ofte satt til 1,5m på eigen grunn.
OBS. Kfr. lokale vegmynde.
OBS. Siktline.
Plass til biloppstilling utafor vegkanten - framføre garasjeport.
Det vert ikkje teke omsyn til automatisk portopnar, men det vert teke omsyn til carport).
Avstand mellom garasje og veg vert ofte satt til 5m på eigen grunn.
OBS. Siktline.


Når det må verte gjeve Dispensasjon frå andre mynde.
Bygg kan kome i strid med anna lovverk enn pbl. I slike tilhøve vil ein ikkje oppnå byggjeløyve før tiltaket er avklart etter alle lovverk. Søknad til bygningsmynde vil bare avklare tiltaket etter pbl. Nedanfor er det lista opp døme på slike føresegner frå anna lovgjeving (ikkje uttømmande).

Tilhøve

Min. avstand

Lovverk

Mynde

Vegmidte kommunal veg

15,0 meter

Veglova

kommunen

Vegmidte europaveg, fylkesveg og riksveg

50,0 meter

Veglova

Statens Vegvesen Region Vest

Tilhøve vedk. avstand til veg vil normalt vurderast av bygningsmyndigheitene i samband med handsaming av byggjesøknaden, og oversendast aktuelle fagmynde. Ved tvil bør du likevel ha gjort naudsynte avklaringar med aktuelle mynde før innsending av byggjesøknaden. Om ei slik avklaring følgjer byggjesaka vil kommunen bruke kortare tid til å fatte vedtak i saka.