Utfylling av søknadsskjema
 
1. Ansvarleg (søkjar)
Alle opplysningar som er naudsynt for at kommunen skal kunne kontakte deg eller det sameige/organisasjon som søkjer om utsleppsløyve. Ansvarleg søkjar er normalt den som eig og driv anlegget (ansvarleg eigar/tiltakshavar) og som er ansvarlig - for utsleppet, - for anlegget si drift og - vedlikehald. Om ansvarleg søkjar ikkje er den same som ansvarleg eigar, skal dette verte opplyst om her. Handheving og sanksjonar av regelverket vil skje ovafor den ansvarlige.
 
2. Søknaden gjeld
Her skal du opplyse om søknaden gjeld eit nytt utslepp eller ei vesentleg auke av utslepp,
- om søknaden gjeld heilårsbustad, fritidsbustad og/eller anna bygg, samt tal på bygg i dei ulike kategoriane.
- om det skal etablerast vatnklosett eller det er installert.
Med vesentleg auke vert rekna til dømes installasjon av vatnklosett, dusj, bad eller våtrom, at fleire områder koplast til anlegget, installasjon av matkvern mv. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om kva som er vesentleg auke.
 
3. Eigedom/byggestad
Her skal du opplyse om gardsnummer og bruksnummer, samt adresse.
Du må sjekke med kommunen om utføring av det planlagde avløpsanlegget er i samsvar med kommunen sine planar etter plan- og bygningslova.
 
4. Utslippsstad
Her skal du gi opplysningar om utslippsområdet. Det vil si om avløpsvantet går til innsjø, bekk/elv, elvemunning, osv.
Du må opplyse om namn på lokalitet og kartkoordinatar. Kartkoordinatar finn du på eit økonomisk kart/plankart i målestokk (1:5000) eller større frå Statens kartverk. Ta kontakt med din kommune om kart.
Plasseringa av avløpsanlegget og utslippsstad skal merkast på kartet.
På same kart skal du også merke av eigedomsgrenser og eventuell vegtilkomst (for slamtømming, vedlikehald etc.). Kartet skal vedleggast søknaden (vedlegg 6d).

Gjelder søknaden utslipp til vatn, må du opplyse kor mange meter under lågaste vatnstand det sleppast ut (utsleppsdjupne).
Forventa storleik på utslepp skal verte ført opp i tal personekvivalentar (pe). Personekvivalentar er et mål på mengd organisk materiale i avløpsvatnet.

Ein kan finne pe på fleire vis, men hovudregelen er:
Utslepp frå hus og hytter med innlagt vatn og vatnklosett: 1 person bidrar med 1 pe.
Uslepp frå hytter med innlagt vatn utan vatnklosett: 1 person vil bidra med 0,3 pe
Utslepp frå hytter utan innlagt vatn og vatnklosett: 1 person vil bidra med 0,1 pe

Ta kontakt med kommunen der du er usikker på korleis du reknar forventa storleiken på utsleppet.
 

Eksempel 1:
Hus m/innlagt vatn og vatnklosett, hus m/ 6 personar:
1 pe/person x 6 personar = 6 pe i avløpsvatnet.
Eksempel 2:
3 hytter med innlagt vatn og vatnklosett og 10 sengeplassar i kvar hytte
 1)
: 3 x 1 pe/person*10 sengeplassar = 30 pe i avløpsvatnet.
Eksempel 3:
Hytte med innlagt vatn utan vatnklosett, 10 sengeplassar:
0,3 pe/person x 10 personar = 3 pe i avløpsvatnet.

1)  Det vil variere kor mange personar som oppheld seg i ei hytte. Utrekning av forventa tal personekvivalentar tar utgangspunkt i maks tal personar i hytta til same tid. Tal på sengeplassar kan være eit godt mål på maksimum tal personar/maksimum belastning.

5. Reinsegrad
Kva reinsekrav som gjeld på den stad du planlegg utsleppet er avhengig av om utsleppsstaden ligg i eit følsamt/normalt eller mindre følsamt område, om det er brukarkonfliktar involvert og om det er fare for overgjødsling.
For å finne ut kva reinsekrav som gjeld på staden må du først finne ut om det ligger i:

   -
Følsamt/normalt område -- Ferskvatnsforekomster. Kyststrekninga Svenskegrensa - Lindesnes
     med tilhørande nedbørfelt og Grimstadfjordområdet (Nordåsvannet, Grimstadfjorden, Mathopen og Dolviken);
eller
  
- Mindre følsamt område -- Kystfarvatn og elvemunningar frå Lindesnes til Grense Jakobselv unntatt
    Grimstadfjordområdet.


Følsamt/normalt område
:
Er staden klassifisert som følsamt/normalt område, sett du kryss i boksen "Reinsegrad jf. §12-8, følsamt/normalt område". Deretter må du vurdere eventuelle brukarkonfliktar og/eller fare for overgjødsling.
Er brukarinteresser involvert skal du krysse i boks a) som er det strengaste reinsekravet.
Er det ikkje er brukarinteresser involvert, men fare for overgjødsling, sett du kryss i boks b),
der reinsekravet ikkje er fullt så strengt som for a.
Er det korkje brukarinteresser eller fare for overgjødsling, sett du kryss i boks c) (det minst strenge kravet).
Gjeld søknaden berre gråvatn (avløpsvatn frå hushald som ikkje inneheld klosettvatn) skal du krysse av i boksen

Mindre følsamt område:
Er staden eit mindre følsamt område, skal du sette kryss i boksen "Reinsegrad jf. §12-9, mindre følsamt område."
Du må i tillegg spesifisere reinsegrad ved å krysse av for enten
(a) 20% reduksjon av suspendert stoff;

eller

(b) maksimum 180 mg suspendert stoff/liter (årleg middelverdi).

Gjeld søknaden gråvatn som skal sleppast ut til mindre følsam sjøvatnsresipient er det ikkje krav til reinsing og du kan krysse i boksen
"Ureinsa".

Dersom du søker om unntak frå reinsekrava skal du krysse av i boksen: "Det søkes unntak frå §§12-8 til 12-9."
Husk at grunngjevinga for ønske om unntak frå reinsekrav må vedleggast søknaden (vedlegg 6b).


Under punktet ”Type reinseanlegg” skal du opplyse kva slag anlegg du vil å installere.
Gjeld søknaden minireinseanlegg skal “Tillegg for minireinseanlegg” også fyllast ut.

Storleiken på anlegget sine dimensjonar skal gjevast i tal personekvivalentar pe. Dette vil du kunne finne i anleggsleverandøren sin dokumentasjon. Vurdering av kor stort anlegg du skal velje bør gjerast med eit perspektiv på 10 år. Anlegget bør uansett ikkje være dimensjonert for mindre enn 5 pe. 
 
6. Vedlegg til søknaden
Søknaden er ikkje fullstendig før alle naudsynte vedlegg ligg føre. Manglar det vedlegg vil søknaden ikkje kunne bli handsama. Her finn du liste over naudsynte vedlegg med forklaring.

a. Namn på nøytral fagkunnig (person/firma) som har hjelpt til med val av reinsemetode og/eller
    dokumentasjon av reinsegrad.
    Her skal du opplyse kven (nøytral fagkyndig person/firma/leverandør) som har hjelpt deg med utforming,
    dimensjonering og installasjon av reinseanlegg og dokumentasjon av reinsegrad. Vær merksam på at
    dokumentasjon av anleggets reinsegrad skal være utført av nøytral fagkyndig.
    Om du skal installere eit ferdigprodusert minireinseanlegg må dette være testa i samsvar m/eN12566-3.
    Sjekk at reinsegraden som er angitt på CE-merket til minireinseanlegg tilfredstill reinsekravet for ditt utslepp
    (du har angitt reinsekrav under pkt 5 reinsegrad). For alle andre reinseanlegg må det dokumenterast at anerkjent
     dimensjonering og utforming er nytta.

b.
 
Grunngjeving for ønske om unntak frå §§ 12-8 til 12-9 eller relevant dokumentasjon
    Om du søkjer om unntak frå reinsekrav skal dette grunnast særskilt.
    Vær merksam på at dersom det søkes om unntak frå krav, gjeld ikkje kommunen sin
    sakshandsamingsfrist på 6 veker.

c.
 
Dokumentasjon av reinsegrad jf. § 12-10 og omskriving av anlegg
   
Vær merksam på at dokumentasjonen skal være utført av fagkunnig.
    Vedlegget skal også ha ei omskriving om anlegget (type/modell/leverandør etc.) og korleis det skal drivast.

d.
 
Plassering av avløpsanlegg, utslippsstad, eigedomsgrenser og vegtilkomst
    (for slamtømming, vedlikehald osv) på kart i målestokk 1:5000 eller større
e. Liste over eigedomar tilknytt avløpsanlegget med gnr., bnr. og adresse
    Om du skal knyte deg til eit eksisterande reinseanlegg må du legge ved ei liste over kva bygg som allereie er
    tilknytt anlegget. Gnr. og bnr for disse bygga får du ved å kontakte kommunen.
    Der det ikkje er fleire bygg knytt til anlegget skal du sette kryss i boksen "
ikkje relevant".
f. 
Oversikt over interesser som vert rørt (drikkevatnforsyning, rekreasjon, næringsverksemd mv).
    Omskriving av tiltak for å motverke interessekonfliktar og tiltak for å ta vare på helse og miljø.
 
   
Brukarinteresser knytt til utsleppsstaden vil ha stor tyding for plassering og utforming av reinseanlegg eller
    utsleppspunkt. Vedlegget skal innehalde ei vurdering av interesser som kan/vil bli rørt av utsleppet
    (til dømes drikkevatn, bading, fiske, turløyper etc.) og utsleppsstaden sin plassering i forhold til
    brukarinteresser. Er du i tvil kan det være nyttig å kontakte fagkunnig som kan gjere ei nøytral vurdering.
g. Oversikt over kven som er varsla
    Nabovarsel. Du må lage ei liste over kven som er varsla og du må legge ved kvittering på at varsel er sendt dei
    respektive (til dømes kvittering på rekommandert sending eller underskrift).

h.
 
Eventuelle mottatte klager/protester
    Om du har mottatt klager/protester skal disse leggast ved søknaden.
    Har du ikkje har mottatt klager/protester kryssar du av i boksen "
ikkje relevant".
 
7. Eventuelle merknader (ikkje obligatorisk)
    Her kan du skrive eventuelle merknader du meiner er nyttig informasjon for kommunen når søknaden
    skal handsamast.
 
8. Underskrift og erklæring
    Merk at det er ansvarlig eigar som skal signere søknaden. Ansvarlig eigar si underskrift går god for at det er gjeve
    riktige og fullstendige opplysningar og at eigar plikter å følgje dei gjevne føresegnene, også dei som gjeld drift og
    vedlikehald.