Rettleiing - Søknad om utslepp frå hus og hytter
 
Ureiningslova.
Søknad om utslepp gjeld i forhold til ureiningslova. Her kan du lese meir om Ureiningslova og Ureiningsforskriftene
Plan- og bygningslova.
I nokre høve skal det byggast nytt anlegg.
Byggearbeida er søknadspliktig etter plan- og bygningslova.
Les her om søknadsplikt.

Kven har søknadsplikt?
Etablering av utslepp av sanitært avløpsvatn eller auke eit eksisterande utslepp, er søknadspliktig.
Dette er omtalt i
forureiningsforskrifta kap 12. Kravet gjeld frå 1.januar 2007. Les meir hos SFT.

Er utsleppet frå bustader, hytter, turistverksemder og liknande, - mindre enn 50 pe (personekvivalentar), kan du bruke skjemaet ”Søknad om utslipp av sanitært og kommunalt avløpsvatn frå hus og hytter”.

Les rettleiinga nedanfor før du fyller ut skjema. Personekvivalentar (pe) er eit er et mål på mengd organisk materiale i avløpsvatnet. Døme på utrekning av pe finn du under punkt 4 (Utslippsstad) i denne rettleiinga.
 
Kva må sendast inn til kommunen?
(Etter ureiningslova)
Minstekrav til dokumentasjon:
  1. Søknadsskjema for utslepp.
    Signert av tiltakshavar.
     
  2. Kart i målestokk 1:500 eller 1:1000, som viser kor avløpsanlegget skal plasserast.
    I enkelte høve må målestokk for kartet være tilpassa lengda på kor avløpsleidning skal førast.
  3. Nabovarsel + varsel til dei som vert råka av utsleppet.
  4. Ved etablering av leidningar over annan eigar sin grunn, skal det ligge føre skriftleg samtykkje.
    (Forslag til samtykje sjå her. Du kan klippe/lime i worddokumentet.)

Rettleiar for utfylling av søknadsskjema sjå her.

  Kva må sendast inn til kommunen?
  (Etter plan- og bygningslova) 
  Minstekrav til dokumentasjon:
  1. Søknadsskjema for byggesak.
    Signert av tiltakshavar
    - og ansvarleg søkjar.
  2. Kart i målestokk 1:500 eller 1:1000, som viser kor avløpsanlegget skal plasserast.
    I enkelte høve må målestokk for kartet være tilpassa lengda på kor avløpsleidning skal førast.
  3. Nabovarsel + varsel til dei som vert råka av utsleppet.
  4. Ved etablering av leidningar over annan eigar sin grunn, skal det ligge føre skriftleg samtykkje.
    (Forslag til samtykje sjå her. Du kan klippe/lime i worddokumentet.)
  5. Ansvarsrettssøknader.
 
Begge søknadene har felles element. Same dokument kan derfor brukast til begge søknadene (sendast saman).
Når du har fylt ut alle punkta på søknadsskjemaet og har lagt ved alle naudsynte vedlegg, har du ein fullstendig søknad.
 
Utsleppssøknaden gjeld både separate utslepp av sanitært avløpsvatn og utslepp frå små samlingar av hus som samarbeider om ein felles avløpsløysing.
Det er ditt ansvar å fylle ut nøyaktig og fullstendig søknad med alle opplysningar kommunen treng for å kunne handsame søknaden.

Kommunen må handsame søknaden innan 6 veker frå fullstendig skjema med vedlegg er mottatt. Er det manglar gjeld ikkje frista. Har du søkt om unntak, gjeld ikkje den absolutte saksbehandlingsfristen på 6 veker.
 
Kva må du gjere i god tid før du søkjer?
  • Kontakt kommunen for å få vite kva krav og eventuelle lokale tilpassingar som gjeld der du vil sleppe ut avløpsvatn. Finn ut kva kommunen krev av informasjon og dokumentasjon i søknad om utslippsløyve. Kommunen har plikt til å gi rettleiing om korleis du skal søke og kva vilkår og krav som gjeld. Du må sjekke med kommunen om utføringa av det planlagde avløpsanlegget er i samsvar med kommunen sine planar etter plan- og bygningslova.
  • Innhent naudsynt informasjon og dokumentasjon. Det er du som søkjar som skal innhente all nødvendig informasjon og vise at det planlagde utsleppet er i samsvar med krava.
  • Du må varsle aktuelle partar. Med partar reknast til dømes naboar og t.d. friluftsinteresser. Når du sender varsel til partar, skal du samtidig sende kopi av varsel til kommunen. Er du i tvil om kven som skal varslast, ta kontakt med din kommune. Du må sjølv syte for å få kvittering for at varsel er sendt (for eksempel kvittering på rekommandert brev eller underskrift). Oversikt over kven som er varsla og kvitteringar skal leggast ved søknaden (vedlegg 6g) saman med eventuelle uttaler/protestar du har mottatt (vedlegg 6h). Søknaden kan ikkje sendast kommunen før nabosvarfrista på fire veker har gått ut.
Kor kan du klage på vedtaket?
Eventuell klage må sendast kommunen innan 3 veker frå mottatt vedtak.
 
Kva er du plikta til når anlegget er i drift?
Anlegget sin eigar pliktar å dimensjonere, drive og vedlikehalde anlegget slik at lekkasjar førebyggast og sjenerande lukt vert unngått, jf. vilkår i utslippsløyve. Du må ta vare på informasjon om anlegget, drift og lekkasjar. Eventuelle naboklagar skal lagrast fem år.
Kommunen er tilsynsmynde og fører tilsyn med at krav vert halden. Kommunen kan krevje gebyr for tilsyn.

Aktuelle linkar.
Norsk rørsenter
Det norske Veritas - typegodkjende minirenseanlegg