Vatn og Avlaup (VA) 

Dersom du skal knyte deg til offentleg vassverk, må du søkje kommunen løyve om dette.
Dersom vassleidningen din må leggjast over nabogrunn, må du sikre deg rett til dette.

Nye bustader og verksemder skal vere knytt til veg, vatn og avlaup.
Det vert ikkje gjeve byggeløyve før VVA er sikra.

 

Søknadsskjema for tilknyting til offentleg leidningsanlegg
Søknadsskjema er ei gjensidig avtale om tilknyting til offentleg leidningsanlegg og levering av vatn og mottak av avlaupsvatn. Abonnementsavtala er knytt til Normalreglementet.
 
 
Skal du bygge nytt leidningsanlegg (som skal ligge over fleire eigedomar) må du halde deg til dette:
Kva må sendast inn til kommunen?
(Kommunen - som eigar av offentlege leidningar)Minstekrav til dokumentasjon:
  1. knad om sanitærabonnement.
    (Eige søknadsskjema).
  2. Situasjonsplan / Leidningskart.
    (På situasjonskartet må utvendige leidningar teiknast inn).
  3. Evt. Gravemelding. Ved graving på kommunal grunn.
  4. Teikningar. Fagmessig utførte teikningar. (Botnleidningsteikningar).
     
  5. Samtykke. Ved etablering av felles stikkleidning eller føre leidningar over annan eigar sin grunn, skal det ligge føre skriftleg samtykkje.
    (Forslag til samtykje sjå her. Du kan klippe/lime i worddokumentet.)

Som følgje av søknaden vert ein lagt inn i abonnementsarkivet og får tilsendt tilknytingsgebyr.

  Kva må sendast inn til kommunen?
  (Etter plan- og bygningslova) 
  Minstekrav til dokumentasjon:
  1. Søknadsskjema for byggesak.
    Signert av tiltakshavar og ansvarleg søkjar.
  2. Situasjonsplan i målestokk 1:500 eller 1:1000, som viser kor avløpsanlegget skal plasserast. I enkelte høve må målestokk vere tilpassa å vise kor leidninga skal førast.
  3. Nabovarsel + varsel til dei som vert råka.
  4. Teikningar. Fagmessig utførte teikningar. Andre tiltak knytt til leidningtiltaket, må viast med eigne teikningar.
  5. Samtykke. Ved etablering av leidningar over annan eigar sin grunn, skal det ligge føre skriftleg samtykkje.
    (Forslag til samtykje sjå her. Du kan klippe/lime i worddokumentet.)
  6. Ansvarsrettssøknader. Gjennomføringsplan m.v.

 

  NÅR FÅR EG SVAR ?
Kommunen vil til vanleg gje svar på søknaden innan 5 veker. Det er lurt å ta kontakt med kommunen før du sett i gang. 
 
NÅR FÅR EG SVAR ?
Kommunen vil til vanleg gje svar på søknaden i samsvar med dei fristar som gjeld i plan- og bygningslova. Det er lurt å ta kontakt med kommunen før du sett i gang. 
 
  KOSTAR DET NOKO ?
Kommunen vil krevje eit gebyr for å knyte seg til offentleg leidningsanlegg.
Gebyrregulativet er fastsett av kommunestyret.
I visse høve kan dette òg gjelde for tilbygg. Sjekk med din kommune. 
 
KOSTAR DET NOKO ?
Kommunen vil krevje eit gebyr for byggesakshandsaminga.
Gebyrregulativet er fastsett av kommunestyret.
I visse høve kan dette òg gjelde for tilbygg. Sjekk med din kommune. 
  ARBEIDET FERDIG ?
Når arbeidet er ferdigstilt skal du sende ferdigmelding til kommunen om dette.

a) Fotografi av påboringsstaden for vatn,
     overvatn og spillvatn.
b) Revidert leidningskart med målsett plassering av stikkleidningar, kummar, kranar og
     forgreiningsmål.

Dette kan du gjøre med eit enkelt med brev, e-post eller telefon.
Husk å opplyse om: adresse, gnr./bnr.

ARBEIDET FERDIG ?
Når arbeidet er ferdigstilt skal ansvarleg søkjar sende ferdigmelding til kommunen om dette.