Veg, Vatn og Avlaup

Det er i plan og bygningslova (PBL1885§ 65-§67) sett krav om veg, vatn og avlaup.
Kravet gjeld at det ikkje kan verta bygd eller frådelt tomt før ein har sikra eigedomen rett til vegtilkomst, mogeleg å kople seg til vassforsyning og rett sleppe ut avlaupsvatn eller knyte seg til offentleg avlaupsleidning.
 

Nye bustader (og verksemder) skal vere knytt til veg, vatn og avlaup.
Det vert normalt ikkje gjeve byggeløyve før VVA-rettar er sikra.
Byggesak kan krevje dokumentasjon før det vert gjeve byggeløyve. Dokumentasjon gjeld:
  1. Sikring av rett til vegtilkomst. Utvida bruk av veg. Utvida bruk av tilkomst (avkjøring).
    (Les meir om veg nedanfor).
  2. Sikring av tilknytingsrett for vatn og avløp.
    Dokumentasjon skjer til dømes vanleg gjennom avtale om tilknyting til offentleg anlegg (søknad om sanitærabonnement). Når søknaden er godkjent er tilknyting sikra.
    Det finnast annan måte å sikre dette.
  3. Sikring av rett til å legge rør over nabogrunn.
    Dokumentasjon skjer til vanleg gjennom privat avtale, signert av grunneigar, der det ligg ved kart som viser kor leidningen skal ligge.

Det er sett krav til opparbeiding av veg vatn og avløp i rundskriv H.1/06.

 

Veg og avkøyrsle.
Rett til bruk av veg og avkøyrsle.
Rett til utvida bruk av veg og avkøyrsle.
-
Den nye byggetomta må sikrast rett til tilkomst.
  Dette gjeld både rett til sjølve vegen og rett til avkøyringa frå denne.
- Nye bustader/verksemder, må på same måte sikre same rettar,
  rett til utvida bruk av vegen og rett til utvida bruk av avkøyrsla.
- Det er forskjell på tilhøva med omsyn på offentleg veg og privat veg. (Les meir nedanfor.)

Korleis du søker vegmynde om å bygge ny veg - finn du her.
Korleis du søker byggesak om å bygge ny veg - finn du her.
 

 

Offentleg veg.
Skal tomta verte knytt til offentleg veg, må ein søkje offentleg mynde om løyve til å knyte seg til (søknad om løyve til tilkomst).
Dette gjeld også utvida bruk av tilkomst.
- Søknadsskjema for tilkomst - kommunal veg finn du her .
- Utdrag frå vegnormalar finn du her.

- Rettleiing og søknadsskjema for tilkomst - fylkesveg finn du her.
 
 
  Privat veg.
Alle tilhøva her under, er privatrettsleg.

Skal tomta eller den nye bustaden/verksemda verte knytt til eksisterande privat veg, må ein sikre rett til å knyte seg til denne private vegen
(rett til tilkomst - og - utvida bruk av privat veg). Går den same private vegen ut til ein offentleg veg må det søkast om rett til utvida tilkomst til den offentlege vegen. (Sjå ovanfor).

Må den nye vegen leggast over annan mans grunn, må ein sikre retten til dette.
Bygging av ny veg er søknadspliktig arbeid.
Les meir om byggesøknad her
 

Vatn og Avlaup (VA)
Du som tiltakshavar, må sikre tomta rett til vatn og avløp.
Korleis du søker vatnleverandør/avløpsmottakar om å få dette finn du her.
Korleis du søker byggesak om å legge leidningar for vatn og avløp finn du her.

 

 
Vatn.
Der du må knyte deg til offentleg vassverk, må ein
søkje kommunen om løyve til dette.

Dersom du vil knyte deg til eit privat vassverk t.d. bore etter vatn på eigedomen din, er sjølve boringa fritatt frå søknads- og meldeplikt, men du vil verte bedt om å sende inn vassprøver før det vert tatt i bruk til husbruk.

Dersom vassleidningen din må leggjast over nabogrunn, må du sikre deg rett til å legge din private leidning over annan manns grunn. Dette er privatrettsleg.
Avlaup
Påslepp/tilknyting til offentleg avlaupsleidning, må ein søkje kommunen løyve om. Denne søknaden vert som regel søkt om saman med søknad om offentleg vatn.

Påslepp/tilknyting til privat avlaupsanlegg/reinseanlegg, treng kommunal  utsleppsløyve.

Dersom avlaupsleidningen din må leggjast over nabogrunn, må du sikre deg rett til å legge din private leidning over annan manns grunn.
Dette er privatrettsleg.