Ansvarleg søkjar.
Søknad skal verte sendt inn av ansvarleg søkjar.
Ansvarleg søkjar
kan i stor grad bidra til rask sakshandsaming.
Ansvarleg søkjar skal være kontaktmann mellom deg (tiltakshavar) og kommunen i byggesaka.
Ansvarleg
søkjar må bl.a. koordinere dei forskjellige ansvarlege føretaka,
ansvarsrettar, kontrollerklæringar og kontrollplan.
Les meir om ansvarleg søkjar her.
Ein god
søknad som inneheld all naudsynt dokumentasjon er den første føresetnad
for rask handsaming i kommunen.
Der tiltaket ligg innafor
gjeldande føresegner (til dømes reguleringsføresegnene) er med på
å korte ned handsamingstida. Søknad om dispensasjon vil forlenge
handsamingstida.
Ansvarleg søkjar skal òg innhente
naudsynte opplysningar for din søknad. Til dømes:
- Kva plangrunnlag som gjeld
- Har kommunen lokale føresegner (vedtekter) det må
vert tatt omsyn til
- Er krav til estetikk teken vare på?
(Pbl§74.2).
- Er tiltaket tilpassa eksisterande
terreng? (Pbl§74.2).
- Må det verte henta inn uttale frå
andre instansar?
- Er kontrollomfanget tilpassa
tiltaket?
|
Nabovarsling (PBL § 94). Alle
rette naboar og tverrbuarar skal varslast av
søkjar/tiltakshavar.
Trong for utvida varsling må vurderast,
kfr. PBL §
94 nr 3, 2. ledd. Søknad om dispensasjon skal være
oppgitt i nabovarslet. |
Plangrunnlag (PBL §
31). Søknaden skal være vurdert i forhold til gjeldande
reguleringsplan med føresegner, samt andre aktuelle
planar som tildømes:
- Rikspolitiske retningsliner
- Kommuneplan, kommunedelplan, utbyggingsplan
- Pågåande planarbeid.
Uttale frå andre
mynde (PBL §
95, 3. ledd). Før vedtak kan fattast må det lige føre naudsynt uttale frå andre mynde. Søkjar må sjølv innhente
løyve frå Arbeidstilsynet,
Mattilsynet og Sivilforsvaret når dette er
naudsynt. |
|
Tomteutnytting
(TEK kap. III) Reguleringsføresegnene opplyser om tillete
utnytting. Målreglar er definert i NS 3940.
T - BRA er tillatt bruksareal (BRA)
% - BYA er prosent bygd areal
(BYA)
% - TU er prosent tomteutnytting
U-grad er
ein eigedom sin utnyttingsgrad angitt i prosent. For eigedomar
med fleire reguleringsplanar er det den siste vedtaksdato som
er gjeldande.
|
|
Uteareal (PBL § 69, TEK kap. 10-2,
under kap. X om brukbarhet. Kva som er tilstrekkelig
uteareal er eit skjønnsspørsmål. |
|
Plassering på tomta, høgde, etasjetall
(PBL §
70, TEK kap IV).
Dispensasjon frå vegloven vedk. avstand til kommunal veg
må godkjennast av kommunen.
a) Avstanden til nabogrense skal være min. 4.0 m eller
1/2 husets høgde. Høgde definert i TEK §
4-2.
b) Unntak frå a) dersom det ligg føre skriftleg samtykke frå
aktuell nabo.
c) Det kan også, etter søknad, verte gjeve dispensasjon for avstand
mindre enn 4.0 m, kfr. PBL §
7.
d) Husets etasjetal definerast i TEK kap. IV.
e) Byggets sokkelhøgde skal alltid visast på snitt- eller
planteikning.
f) Byggeavstand frå veg og vegkryss etter veglovas
avstandsføresegner, kfr. veglova § 29.
Tiltaket
bør plasserast minst 2 meter frå kommunens vatn- og
avlaupsleidningar.
|
|
Planløysing og utsjånad, tilpassing til omgjevnadene
(PBL §
74). PBL § 74, 1. ledd. Areal og planløysing skal være
hensiktsmessig i forhold til formålet dei er tiltenkt.
Forhold som må vurderast er m.a. lys- og utsynstilhøve.
Tilstrekkeleg lysflate i eit rom har tidligare vært normert
som ca. 10 % av fri golvflate, men dette er ikkje eit absolutt
krav. Vedr. tilgjenge for røyrslehemma, jfr. TEK
kap. X. |
Tilkomst, avkjørsel og veiopparbeiding
a) Vegrett må kunne dokumenterast
(pbl §
66)
b) Avkøyrsleplan må innsendast (vedleggast søknaden) for
godkjenning.
c) Vegopparbeiding – søkjar må undersøke om vegtilhøva er
i orden. Dersom den offentlege vegen ikkje er opparbeidet
slik pbl §
67 krev, vil det verte vurdert om ein krev at veg vert
opparbeida. Det kan verte søkt om mellombels dispensasjon frå
vegplikta. Særlege grunnar må verte oppgitt og naboane må varslast
om søknaden (kfr. pbl §
7) |
|
Parkering. Reguleringsplanen for
eigedomen kan ha krav om eit fastsatt tal på
parkeringsplassar. |
|
Vann, avløp,
(PBL §§
65,
66,
66a,
67,
1.
ledd, b, c ). Kommunens godkjenning må ligge føre. |
|
Ansvar
(VTEK). Alle relevante fagområde skal omsøkast
og definerast i kontrollplan. |
Dispensasjonar.
Når tiltak kjem i konflikt med
føresegner/planar, Plan-
og bygningslov mm. må det ligge føre særlig grunner for å få
godkjent dispensasjon, jf. plan- og bygningsloven PBL §
7.
Kommunen kan ved godkjenning vurdere om det skal stillast
vilkår, - om dispensasjonen skal gis mellombels, med
eller utan tidsavgrensing. Det kan verte settt fram krav om
tinglyst mellombelserklæring.
Dispensasjonssøknader må alltid være nabovarsla. |
|
Avfallsplan.
Avfallsplan i henhold til
kommunens retningslinjer. |
|
Ureina grunn. Tiltaksplan for
ureina grunn ved bygge- og gravearbeid skal godkjennast,
før arbeida startar opp, dersom det finst ureining i grunnen.
Kommunen er mynde for dette. |
|
Konsekvensar for omgjevnaden.
Søknaden må innehalde relevante opplysningar om arten og
omfanget av den aktuelle verksemda og kva tyding den
får for omgjevnaden. Eksempel på slike forhold er; -
endring i trafikktilhøva, om det er trong for parkeringsplassar, om verksemda fører til arbeidsplassar
eller om den medfører lukt-, støy- eller støvplager.
Estetikk.
Tiltaket skal prosjekterast i
samsvar med plan- og bygningslovens PBL §
74-2 og eventuelt retningsliner gjeve i plan eller
regulering. Tiltaket skal ha ei god estetisk utforming i
samsvar med tiltaket sin funksjon og med respekt for naturlege
og bygde omgjevnader.
|
|